Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Vi søkjer engasjert sjukepleiar til fast stilling 

Medisinsk Sengepost 2 Førde, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Medisinsk Sengepost 2 Førde, Helse Førde.

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Førde søkjer sjukepleiar til fast, 100% stilling ved Medisinsk sengepost 2, Førde sentralsjukehus. Det er 1 ledig stilling, med oppstart snarast. Arbeidsstad er Sunnfjord. Sengeposten har spesialfelt innan mage/tarm, lunge, lungekreft og utgreiing, og samarbeider tett med Medisinsk sengepost 1. Arbeidet omfattar oppfølging, stell og pleie av akutt og kronisk sjuke pasientar, mange eldre med samansette lidingar, i tverrfagleg samarbeid med lege, fysio- og ergoterapeut. Turnusen er 3-delt, med moglegheit for langvakter i helg. Søkjar må vere autorisert sjukepleiar med gode norskkunnskapar; erfaring frå sengepost er ein fordel, men ikkje eit krav.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er ved Førde sentralsjukehus, ei underining av Helse Førde HF, som driv somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har 1744 tilsette, noko som gjer han til ein av dei store arbeidsgivarane i regionen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 9. september 2026.

Om stillingen

Medisinsk sengepost 2 ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar med oppstart snarast.

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har eit fagleg engasjement og ønskje om å bidra til god kvalitet i tenestene våre.

Medisinsk sengepost 1 og 2 har flytta inn i nytt og moderne sjukehus, og sengepostane samarbeidar tett med kvarandre.

  • Medisinsk sengepost 2 har fagområda mage/tarm, lunge, lungekreft- og utgreiing som sine spesialfelt.
  • Medisinsk sengepost 1 har spesialfelt innan nyresjukdommar, diabetes og endokrinologi, hjartesjukdommar og geriatri.

Hos oss får du ein kvardag prega av stor variasjon, eit mangfald av kollegaer som du kan spørje, lene og støtte deg på. Det er gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Vi har 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det. Vi tilbyr også langvakter i turnus på helg.

Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet.

Kvalifikasjonar

Søkjar må vere autorisert sjukepleiar. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk både skriftleg og munnleg.

Søkjar med relevant erfaring vil bli prioritert

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.

Ein av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt som julebord, sommarfest og blå-tur.

Medisinsk sengepost ønskjer å komme i gang med langvakter og vil tilby dette til dei som ønskjer det.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Mari Indrebø, (+47) 909 20 435

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2 6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5170981877 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.09.2026

Flere stillinger hos Medisinsk Sengepost 2 Førde, Helse Førde

Lignende stillinger