Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

ID 2461 Fagarbeidar/assistent - Trodlahaugen barnehage

Stord Kommune · Stord, Vestland

VikariatHeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Stord Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Trodlahaugen barnehage i Stord kommune lyser ut 1 stilling som fagarbeidar/assistent i eit 100 % vikariat frå 15.08.2026 til 14.08.2027. Arbeidsstad er Trodlahaugen barnehage i Kårviks-området på Stord i Vestland.

Som fagarbeidar/assistent får du medansvar for leiing av ei avdeling eller barnegruppe i tett samarbeid med pedagog og assistent/fagarbeidar. Arbeidsoppgåvene omfattar å sikre god kvalitet på dagleg drift, bidra til organisering av barnehagen og støtte barnehagen i å utvikle seg som ein lærande organisasjon. Barnehagen arbeider i prosjekt saman med barna – i grupper, på tvers av grupper og samla.

Kvalifikasjonskrav er fullført fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og/eller erfaring som barnehageassistent. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Om arbeidsgivaren

Stord kommune er ein offentleg arbeidsgjevar. Denne stillinga er knytt til kommunal barnehageverksemd i Stord. Den registrerte eininga i Brønnøysund – Stord kommune Heimebaserte tenester område sentrum – er ei undereining med 244 tilsette innanfor helse- og omsorgstenester, noko som speglar kommunen som ein større offentleg organisasjon med brei tenesteportefølje.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 01.07.2026. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Menn vert særskilt oppmoda om å søkje.

Annonsetekst

Trodlahaugen barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i Kårviks-området/Trodlahaugen, i eit roleg boligområde like nedanfor Heiane industriområde. Barnehagen har fine turområde, med kort veg til både skog, vatn og sjø.

Barnehagen jobbar i prosjekt ilag med barna, både i grupper, på tvers av gruppene, og heile barnehagen samla.

Det er ledig eit 100% vikariat i tidsrommet 15.08.2026 -- 14.08.2027 for fagarbeidar/assistent.

Arbeid- og ansvarsområde

Du vert ein del av barnehagen sin organisasjon, som består av pedagogiske leiarar, fagarbeidarar, assistentar, og styrar.

Som fagarbeidar/assistent vil du få medansvar for leiing av den avdelinga/barnegruppe du skal høyre til, i tett samarbeid med tilhøyrande pedagog og assistent/fagarbeidar. Samstundes må du ha evne til å sjå heilskapen, og barnehagen samla, som ein organisasjon.

Du skal bidra til å sikra god kvalitet på den daglege drifta, og organiseringa av barnehagen. Og bidra til at barnehagen utviklar seg som ein lærande organisasjon.

Kvalifikasjonskrav

  • Fullført fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, og/eller har erfaring som barnehageassistent i barnehagen
  • Ved tilsetjing må politiattest føreliggja.

Personlege eigenskapar

  • tek imot rettleiing, og kan gjer seg nytte av denne
  • er lojal
  • er omstillingsdyktig
  • har høg grad av samarbeidsevne
  • er løysningsorientert
  • er fleksibel
  • er positiv og initiativrik
  • har stor arbeidskapasitet
  • har høg arbeidsmoral

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
  • Offentleg tenestepensjon

Aktuelle søkjarar vil verta kalla inn til intervju.

Menn vert oppmoda om å søkja.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Lignende stillinger

Undervisningsstilling i spansk
Akershus fylkeskommune, Hvam videregående skole · AKERSHUS

Hvam videregående skole i Nes søker spansklærer i ca. 50 % vikariat fra januar til juni 2027.

VikariatDeltidUtdanning
PPT søkjer engasjert rådgjevar
Rettleiingstenesta Vestland sør, Vestland fylkeskommune · STORD, VESTLAND

Rettleiingstenesta Vestland sør i Vestland fylkeskommune søkjer ein rådgjevar til fast heltidsstilling i PPT på Stord.

FastHeltidUtdanning
Frist 11.11.2026
Tilkallingsvikar i barnehage
Læringsverkstedet Sæ barnehage · STORD, VESTLAND

Læringsverkstedet Sæ barnehage i Stord søker 5 tilkallingsvikarar (deltid) til barnehageassistentstillingar.

AnnetDeltid5 stillingerUtdanning
Frist 1.8.2026