Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

PPT søkjer engasjert rådgjevar

Rettleiingstenesta Vestland Sør, Vestland Fylkeskommune · Stord, Vestland

FastHeltidOffentligUtdanningFrist om 2 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

PPT søkjer ein engasjert rådgjevar til ei fast heltidsstilling (100 %). Det er 1 ledig stilling, med kontorstad på Stord. Rådgjevaren skal gi spesialpedagogisk og pedagogisk råd til skulane, utarbeide sakkunnige vurderingar, gjennomføre observasjon og kartlegging av lærevanskar, bidra til kompetanseutvikling i skulen og arbeide førebyggande for å sikre gjennomføring i vidaregåande opplæring. Stillinga omfattar også rettleiing, kursarrangement og tverrfagleg samarbeid. Arbeidet krev stor grad av sjølvstende og mykje reiseverksemd i regionen, frå Bømlo i nord til Odda i sør.

Det vert venta utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi, god kjennskap til vidaregåande opplæring og førarkort klasse B. Erfaring frå PPT og kartleggingskompetanse er ein fordel. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. Politiattest er påkravd før tilsetjing. Stillingsnemning kan vere konsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgivar er Rettleiingstenesta Vestland sør i Vestland fylkeskommune, registrert som ei undereining innan offentleg forvaltning i bransjen pedagogisk-psykologisk rådgivningsteneste, med forretningskommune Stord. Tenesta dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang, og er eit tverrfagleg team innan PPT, oppfølgingsteneste, opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne. Det er ikkje oppgitt tal på ttilsette, omsetnad eller resultat for eininga. Løns- og arbeidsvilkår følgjer avtalane i Vestland fylkeskommune, med offentleg tenestepensjon.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 11. november 2026.

Annonsetekst

Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom i Ullensvang og Sunnhordland? Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne. Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og kontor ved dei vidaregåande skulane i vårt område. Vi har ledig 100% fast stilling innan PPT med kontorstad på Stord.

Arbeidsoppgåver

Bidra til at vi leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevar og lærlingar ved å:

  • gi spesialpedagogisk og pedagogisk råd til skulen
  • utarbeide sakkunnige vurderingar og uttaler knytt til PPT sitt mandat
  • gjennomføre observasjon og kartlegging innan ulike lærevanskar
  • bidra til kompetanseutvikling i skulen med mål om å gi elevar eit best mogleg opplæringstilbod
  • arbeide førebyggande for å sikre gjennomføring i vidaregåande
  • samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnerar
  • gi rettleiing og arrangere kurs
  • utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga

Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Du må rekne med mykje reiseverksemd ut til samarbeidspartnerar i regionen frå Bømlo i nord til Odda i sør.

Kvalifikasjonar

  • utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi
  • god kjennskap til og erfaring frå vidaregåande opplæring
  • kjennskap til læreplanverket er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • erfaring frå PPT og kartleggingskompetanse er ein fordel
  • førarkort klasse B
  • det er krav om politiattest før tilsetjing

Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som:

  • set elevane si læring og utvikling i sentrum for arbeidet
  • er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling
  • har evne til å samarbeide, men òg arbeide sjølvstendig
  • er fleksibel, inkluderande og byggjer gode relasjonar med ungdom og kollegaer

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Meiningsfylt og givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring, i eit fagleg og sterkt tverrfagleg miljø.
  • Eit uformelt arbeidsmiljø der vi heiar på kvarandre, inkluderer kvarandre og løftar kvarandre fagleg.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
  • God offentleg tenestepensjon, ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg.
  • Gode forsikringsvilkår.
  • Stillingsnemning konsulent, rådgjevar, seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Ravna Skjærvik, leiar, 41432387, Ragnhild.Ravna.Skjaervik@vlfk.no

Arbeidsstad

Vikastemmo 35 5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5195707385 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.11.2026

Søk på jobben
Søk senest 11.11.2026
Søk på stillingen →
API og MCPGET /company/923721142/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/923721142/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 1,
  "hits": [
    {
      "uuid": "58954b4e-cedb-4bc3-9323-15a74ea8b527",
      "title": "PPT søkjer engasjert rådgjevar ",
      "municipal": "STORD",
      "application_due": "2026-11-11 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "923721142" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Vestland Fylkeskommune Rettleiingstenesta Vestland Sør Avd Stord ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «PPT søkjer engasjert rådgjevar » hos Vestland Fylkeskommune Rettleiingstenesta Vestland Sør Avd Stord?
  • Ansetter Vestland Fylkeskommune Rettleiingstenesta Vestland Sør Avd Stord flere i Stord nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Undervisningsstilling i spansk
Akershus fylkeskommune, Hvam videregående skole · AKERSHUS

Hvam videregående skole i Nes søker spansklærer i ca. 50 % vikariat fra januar til juni 2027.

VikariatDeltidUtdanning
Tilkallingsvikar i barnehage
Læringsverkstedet Sæ barnehage · STORD, VESTLAND

Læringsverkstedet Sæ barnehage i Stord søker 5 tilkallingsvikarar (deltid) til barnehageassistentstillingar.

AnnetDeltid5 stillingerUtdanning
Frist 1.8.2026
Rettleiingstenesta Vestland Sør, Vestland Fylkeskommune
Frist 11.11.2026
Søk på stillingen →