Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Miljøterapeut  

Avdeling Haram Bustadar 1, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Avdeling Haram Bustadar 1, Haram Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Haram buteneste søkjer ein miljøterapeut i 100 % fast stilling ved Haram bustadar 1 i Brattvåg, Møre og Romsdal. Stillinga inneber målretta miljøarbeid retta mot bebuarar med psykisk utviklingshemming, med fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga. Turnus omfattar dag- og kveldsvakter samt kvar 3. helg. Oppstart er 1. august 2026, eller etter avtale. Kvalifikasjonskravet er autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller tilsvarande treårig høgskuleutdanning, gjerne med erfaring frå arbeid med utviklingshemming og kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Om arbeidsgiveren

Haram bustadar er ein del av Haram kommune si buteneste, med bransjetilhøyrsle innan omsorgstjenester i botilbud for personer med utviklingshemming. Eininga er registrert som underenhet til offentleg forvaltning og har 114 tilsette. Bustadar 1 er éin av tre avdelingar, og miljøterapeutane samarbeider på tvers. Verksemda er inne i ein 4-årsperiode med systematisk implementering av nasjonale retningslinjer for tenester til personar med utviklingshemming, og har i 2025 delteke i prosjektet TØRN.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 21. juni 2026.

Om stillingen

Butenesta i Haram søkjer miljøterapeut i 100 % fast stilling. Stillinga er for tida plassert ved Haram bustadar 1.

Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Turnus er for tida dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar 3. helg i ordinær turnus. Stillinga er ledig frå 1. august -26, eller etter avtale.

Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19. Haram bustadar yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester. Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.

Haram bustadar består av tre avdelingar: Haram bustadar 1 som består av bustadar, Haram bustadar 2 som består av bustadar og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning. Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers. Vi har jevnleg miljøterapeutmøte der ein kan dele og søkje kunnskap med kollegaer. Vi har ei tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av ulike utdanningar og kompetanse.

Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid.
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Gruppeleiar med primæransvar.
  • Legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag.
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Viser initiativ og er kreativ.
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Har ønskje om å utvikle deg og tileigne deg ny kunnskap og erfaring.
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
  • Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
  • Er lojal og stabil.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
  • Rom for å vere kreativ.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.
  • Avsett tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla.
  • Du vil jobbe i eit miljøterapeutteam i lag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustadar 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar.

Kontaktinformasjon

Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar Haram bustader 1, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no Linn Borgund, Tenesteleiar Haram bustader, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Brattvåggata 19 6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5131221706 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 21.06.2026

Flere stillinger hos Avdeling Haram Bustadar 1, Haram Kommune

Lignende stillinger

Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND
EngasjementHeltidHelse og sosial
Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026