Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Miljøterapeut  

Avdeling Haram Bustader 1, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal

FastHeltid2 stillingerHelse og sosialFrist 16.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Haram buteneste søkjer 2 miljøterapeutar i 100 % faste stillingar ved Haram bustader 1 i Brattvåg, Møre og Romsdal. Stillingane er ledige frå 17. august 2026. Turnus er dag- og kveldsvakter, samt langvakter kvar tredje helg. Hovudoppgåver er målretta miljøarbeid retta mot personar med psykisk utviklingshemming, fagleg koordineringsansvar, rettleiing av kollegaer, dokumentasjon, samt samarbeid med pårørande og andre tenesteytarar. Miljøterapeutane inngår i eit team med fem andre miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar.

Om arbeidsgiveren

Haram bustader er ein del av Haram kommune og er organisert som underenhet til offentleg forvalting. Eininga er direkte knytt til bransjen omsorgstjenester i botilbod for personar med utviklingshemming eller tilsvarande funksjonsnedsetting, og har 112 tilsette. Haram bustader består av tre avdelingar – to bustadavdelingar og Solbakken bukollektiv/dagsenter – i tillegg til ei eining for barnebustad og barneavlastning. Butenesta er frå 2025 med i prosjektet TØRN, og skal i ein 4-årsperiode implementere nasjonale krav frå rettleiaren «Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming».

Søknad og frist

Søknadsfrist er 16. august 2026.

Om stillingen

Butenesta i Haram søkjer miljøterapeut i 2x 100 % fast stilling. Stillinga er for tida plassert ved Haram bustader 1.

Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Turnus er for tida dag- og kveldsvakter, samt langvakter kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå 17. august -26, eller etter avtale.

Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19. Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester. Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.

Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning. Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers. Vi har jevnleg miljøterapeutmøte der ein kan dele og søkje kunnskap med kollegaer. Vi har ei tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av ulike utdanningar og kompetanse.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid.
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Gruppeleiar med primæransvar.
  • Legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag.
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Viser initiativ og er kreativ.
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Har ønskje om å utvikle deg og tileigne deg ny kunnskap og erfaring.
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
  • Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
  • Er lojal og stabil.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
  • Rom for å vere kreativ.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.
  • Avsett tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla.
  • Jobb i eit miljøterapeutteam i lag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar.

Kontaktinformasjon

Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar Haram bustader 1, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Brattvåggata 19 6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5103872661 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 16.8.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Avdeling Haram Bustader 1, Haram Kommune

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026