Ålesund sykehus (Helse Møre og Romsdal) søker 2 stråleterapeuter/radiografer i heltid vikariat, frist 4. desember 2026.
Seksjonsleiar
Kirurgisk Poliklinikk, Helse Møre Og Romsdal HF · Ålesund, Møre Og Romsdal
Annonsetekst
Seksjonsleiaren for kirurgisk poliklinikk skal ut i svangerskapspermisjon. Vi søkjer derfor etter ein engasjert og fagleg sterk seksjonsleiar til Kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Seksjonen er ein del av Kirurgisk avdeling og tek imot planlagde pasientar til spesialisert utredning, behandling og kontrollar av ulike tilstandar, sjukdommar og skader innanfor fagfelta gastrokirurgi, generell kirurgi, karkirurgi, ortopedi og urologi. Vi tek også imot akutte skadar ved vår skadepoliklinikk, som er tilvist frå fastlege eller legevakt. Preoperativ poliklinikk, der ein klargjer pasientar for operasjon, er også ein del av seksjonen.
I seksjonen møter du eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort fokus på pasienttryggleik og kvalitet. Seksjonen består i dag av 13 tilsette fordelt på sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, uroterapeutar og stomisjukepleiarar.
Som seksjonsleiar vil du vere ein del av leiargruppa i kirurgisk avdeling og rapporterar til avdelingssjef. Leiargruppa består av 10 seksjonsleiarar. Vi forventar at seksjonsleiar vil bidra til god samhandling for best mogleg kvalitet og ressursutnytting i avdelinga. Det er ei løysningsorientert og handlekraftig leiargruppe i kirurgisk avdeling, og det forventast at seksjonsleiarane ser moglegheiter og tenker forbetring i kvardagen til det beste for pasientane våre.
Arbeidsoppgåver
Som seksjonsleiar vil du ha ansvar for:
- Dagleg drift og fagleg utvikling av seksjonen i nært samarbeid med seksjonsoverlegar
- Personalansvar for tilsette i seksjonen
- Ansvar for at poliklinikken vert driven etter gjeldande lovar og forskrifter, etter interne retningslinjer og innanfor økonomisk rammer.
- Samhandling med andre fagmiljø og avdelingar
- Bidra til god pasientflyt og effektiv ressursbruk
- Implementering av kvalitetsforbetring og digitale løysingar
- Kombinert arbeidstid: ca 50% administrativt arbeid og 50% klinisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Minimum 2 års erfaring som sjukepleiar
- Vi trur du lukkast best om du har erfaring frå arbeid med kirurgiske pasientar
- Ynskjeleg med leiarutdanning og –erfaring.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg og synleg for dei tilsette og avdelinga
- Du er fleksibel og nytenkande og løysingsorientert
- Du har evne til å arbeide strukturert og målretta både individuelt og i team.
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har evne til å kunne arbeide tverrfagleg
- Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Maren Pedersen, Avdelingssjef, Maren.Pedersen@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 5 6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5213570109 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 08.12.2026
Flere stillinger hos Kirurgisk Poliklinikk, Helse Møre Og Romsdal HF
Helse Møre og Romsdal søker overlege i hud og venerologi til ett års vikariat på heltid ved hudpoliklinikken i Ålesund.
Helse Møre og Romsdal HF søker lege i spesialisering innen fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund, heltid vikariat til 30.09.2027.
Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF søker én bioingeniør til fast heltidsstilling i Ålesund.
Helse Møre og Romsdal HF søker 1 ferievikar som helsesekretær/sekretær til sommeren 2027, heltid, ved Ålesund sjukehus.
API og MCPGET /company/974747138/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974747138/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 24,
"hits": [
{
"uuid": "6cc5d417-6b6d-4097-b5ba-9f8eccf685be",
"title": "Seksjonsleiar",
"municipal": "ÅLESUND",
"application_due": "2026-12-08 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "a5e54578-b841-491a-82ae-0170b8709d3a",
"title": "Stråleterapeut/radiograf",
"municipal": "ÅLESUND",
"application_due": "2026-12-04 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974747138" })Spør AI-assistenten
Hvilke typer roller ansetter Helse Møre Og Romsdal HF Ålesund Sjukehus - Somatikk i akkurat nå?
Hvilke andre stillinger lyser Helse Møre Og Romsdal HF Ålesund Sjukehus - Somatikk ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Seksjonsleiar» hos Helse Møre Og Romsdal HF Ålesund Sjukehus - Somatikk?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.