Stråleterapeut/radiograf
Stråleterapi/kontor, Helse Møre Og Romsdal HF · Ålesund, Møre Og Romsdal
Annonsetekst
Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig ett vikariat i 100% stilling som stråleterapeut/radiograf med oppstart snarast eller etter avtale.
Vi har også behov for sommerferievikar i 100% stilling som stråleterapeut/radiograf.
Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Vi er 13 stråleterapeutar og 3 fysikarar som arbeidar tett saman i teamet. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Stråleterapien disponerer moderne utstyr for planlegging og gjennomføring av strålebehandling. Vi har ein Philips BigBore CT med Sentinel pustestyring, nyttar RayStation for planlegging og har 2 Elekta Versa HD lineærakseleratorar med Catalyst pustestyring. Seksjonen er leiande innan bruk av kunstig intelligens og skripting. Tilnærma all behandling blir gitt med VMAT-teknikk og vi gir stereotaktisk strålebehandling til behandlingsregionar som hjerne, lunge, lever og skjelett. Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Delta i det daglege arbeidet ved eininga
- Kvalitetssikre- og gi avansert strålebehandling
- Bidra til fagleg utvikling
- Bidra til godt samarbeid mellom faggrupper i og utanfor avdelinga
Kvalifikasjonar
- Søkarar må ha norsk autorisasjon som radiograf
- Klinisk erfaring frå ei stråleterapiavdeling er ønskeleg
- Radiografar med ønske om å ta videreutdanning i stråleterapi
- Gode datakunnskapar
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er motivert og engasjert
- Du er strukturert og kvalitetsbevisst
- Du er nytenkande og endringsvillig
- Du byr på deg sjølv og bidreg sosialt for å skape eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit framoverlent fagmiljø som er opptatt av å vere i front med nye behandlingsteknikkar
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ver venleg å oppgi referansar.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Kristin Farstad, Seksjonsleiar, 70240058, kristin.farstad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 15 6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5211891778 Stillingsprosent: 100% Vikariat, Ferievikar Startdato: 14.12.2026 Sluttdato: 21.09.2027 Søknadsfrist: 04.12.2026
Flere stillinger hos Stråleterapi/kontor, Helse Møre Og Romsdal HF
Helse Møre og Romsdal HF søker lege i spesialisering innen fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund, heltid vikariat til 30.09.2027.
Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF søker én bioingeniør til fast heltidsstilling i Ålesund.
Helse Møre og Romsdal HF søker 1 ferievikar som helsesekretær/sekretær til sommeren 2027, heltid, ved Ålesund sjukehus.
Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus (Helse Møre og Romsdal) søker 10 sykepleiere som ferievikarer sommeren 2027, heltid.
API og MCPGET /company/974747138/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974747138/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 24,
"hits": [
{
"uuid": "a5e54578-b841-491a-82ae-0170b8709d3a",
"title": "Stråleterapeut/radiograf",
"municipal": "ÅLESUND",
"application_due": "2026-12-04 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "b205d273-0153-4fc4-aa00-f150fc9013d3",
"title": "Overlege hud og venerologi",
"municipal": "ÅLESUND",
"application_due": "2026-12-13 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974747138" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Helse Møre Og Romsdal HF Ålesund Sjukehus - Somatikk ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Stråleterapeut/radiograf» hos Helse Møre Og Romsdal HF Ålesund Sjukehus - Somatikk?
Ansetter Helse Møre Og Romsdal HF Ålesund Sjukehus - Somatikk flere i Ålesund nå?
Lignende stillinger
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.