Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Vernepleiar eller sjukepleiar 

Miljøarbeidertenesta, Gloppen Kommune · Gloppen, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Miljøarbeidertenesta, Gloppen Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Gloppen kommune søker vernepleiar eller sjukepleiar til 100 % fast stilling ved Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen). Avdelinga gir avlasting til barn og oppfølging av vaksne med utviklingshemming og omfattande bistandsbehov, i eit tverrfagleg team med vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og fagarbeidarar. Arbeidsoppgåvene omfattar pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, legemiddelhandtering, miljøarbeid, dokumentasjon og fagleg oppfølging av tenestemottakarar, i tett samarbeid med pårørande og samarbeidspartnarar. Turnusen består av langvakter på 12,5–14 timar med arbeid i gjennomsnitt kvar fjerde helg, og gir lengre samanhengande friperiodar. Det kan også vere behov for dagvakter på kvardagar. Tiltreding er sett til 01.11.26 eller etter avtale. Stillinga krev autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, gode norskkunnskapar og grunnleggjande digitale ferdigheiter. Arbeidsstad er Grandavegen 9, Sandane, i Gloppen kommune.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Gloppen kommune Miljøarbeidartenesta Kvitveisen, ei underavdeling i offentleg forvaltning innan tenester i avlastningsbustader/-institusjonar. Verksemda har 15 tilsette og held til i Gloppen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 11.10.2026.

Annonsetekst

Vil du vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar?

Vi har ledig 100 % fast stilling for vernepleiar eller sjukepleiar. Stillinga er knytt til Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen), som tilbyr avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.

Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.

Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Som vernepleiar eller sjukepleiar vil du arbeide tett på brukarane, samstundes som du har eit særleg ansvar for helseoppfølging, legemiddelhandtering og fagleg oppfølging av tenestene. Vi søkjer deg som ser heile mennesket, er løysingsorientert og ønskjer å bidra til trygge, gode og meiningsfulle kvardagar gjennom fagleg gode og individuelt tilpassa tenester.

Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt med oss!

Tilredning 01.11.26 eller etter avtale.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Ein årsturnus med langvakter på 12,5-14 timar og arbeid i gjennomsnitt kvar fjerde helg. Turnusen gir ein komprimert arbeidskvardag med lengre samanhengande friperiodar mellom arbeidsperiodane. Det er per tid også behov for dagvakter vekedagar dersom dette er ønskelig.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Tillegg på kr 500 pr. vakt med langvakter laurdag og søndag.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:

  • Oppfølging av tenestemottakarar gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av individuelle tiltak
  • Pleie- og omsorgsoppgåver, prosedyrer, helseoppfølging, miljøarbeid og legemiddelhandtering
  • Observasjon, dokumentasjon og faglege vurderingar
  • Tverrfagleg samarbeid med pårørande og relevante samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem

Ønska kompetanse og erfaring:

  • Førarkort klasse B.
  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming eller omfattande bistandsbehov

Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad. For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Vi ser etter deg som

  • ser heile mennesket og møter andre med respekt og omsorg
  • er trygg, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon

Julie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 93 050, julie.lothe@gloppen.kommune.no Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no

Arbeidsstad

Grandavegen 9 6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5181581701 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026

Lignende stillinger

Helsefagarbeider til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 4 helsefagarbeidere til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, 1. des 2026 til 1. mars 2027.

VikariatHeltid4 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til sykehjem i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 6 sykepleiere til deltidsvikariat ved sykehjem i Vestland.

VikariatDeltid6 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til sykehjem i Trøndelag
Konstali Helsenor AS · TRØNDELAG

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker sykepleier til heltidsvikariat ved sykehjem i Trøndelag, 23. nov–10. jan.

VikariatHeltidHelse og sosial