Kantine- kafémedarbeidar
Drift/teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland
Annonsetekst
Vil du skape gode opplevingar gjennom mat og service? Kvar dag møter vi hundrevis av gjestar i våre kantinar og kafear ved Haukeland universitetssjukehus. For mange er måltidet eit viktig avbrekk i ein travel arbeidsdag, medan andre er på sjukehuset som pasient eller pårørande. Då betyr det ekstra mykje å bli møtt av medarbeidarar som ser menneska rundt seg og leverer god service med eit smil. No har vi ledig ein 100% vikarstilling frå 4. januar 2027, eller etter avtale, til juni 2027 som kantine-/kafémedarbeidar ved Hospitaldrift Matforsyning Kafé. Vikariatet har moglegheit for forlenging og inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeidstid pt kvar tredje helg og arbeidstid mellom kl. 07.00 og 19.00. Det blir tatt atterhald om at turnus og arbeidstid kan bli endra. Vi søker ein fleksibel, sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar som trivst med kundekontakt, likar ein aktiv arbeidskvardag og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande team der kvalitet, matglede og service står i sentrum. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen. Om oss Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 800 medarbeidarar fordelt på åtte einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Arbeidsoppgåver
- Yte profesjonell service og kundebehandling
- Betening av kasse - betalingssystem
- Tillaging av både varm og kald mat
- Vareeksponering
- Reinhald, oppvask og rydding
- Anna forefallande arbeid etter behov
- Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg på nivå med B2 eller tilsvarande. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
- Erfaring frå kantine- eller kafédrift og kundebehandling
- Vere serviceinnstilt og imøtekommande
- Ha kjennskap til IK-mat
- Vere løysingsorientert
- Over 18 år
- Taklar fysisk krevande arbeid
Personlege eigenskapar
- Er kundevennleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Har god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Evner til å sette seg inn i kundens ønsker og behov
- Er strukturert og nøyaktig
- Er fleksibel og kan arbeide i eit hektisk miljø
- Er fagleg interesse og engasjement
- Evner til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit aktivt bedriftsidrettslag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
René Kaser, Seksjonsleiar, 55974905
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22 5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5210036062 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 27.06.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026
Flere stillinger hos Drift/teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF
Helse Bergen HF (Haukeland) søker 3 assistenter i 15 % fast helgestilling ved geriatri og infeksjon i Bergen.
Haukeland universitetssjukehus i Bergen søker seksjonsleder lege til Radiologisk avdeling, fast heltidsstilling.
Helse Bergen HF søker en provisorfarmasøyt i fast 100 % stilling ved Senter for nukleærmedisin og PET i Bergen.
API og MCPGET /company/974557746/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974557746/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 25,
"hits": [
{
"uuid": "5ed9f7a0-b7da-471d-b7fb-3c7e598deda3",
"title": "Kantine- kafémedarbeidar ",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "0476fe75-0e7c-4fb9-ae27-eff3d010caf5",
"title": "Reinhaldar, 100% vikariat",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-11-27 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974557746" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Kantine- kafémedarbeidar » hos Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus?
Ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus flere i Bergen nå?
Hvilke typer roller ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus i akkurat nå?
Lignende stillinger
Sabrura Sticks & Sushi i Bergen søker 5 sushikokker til Bergen Storsenter, fast ansettelse på heltid.
Alvøparken Selskapsservice i Bergen søker kokk med fagbrev til fast heltidsstilling innen selskaps- og arrangementsmat.
Paradis barnehage i Bergen søker kjøkkenassistent i 1 fast heltidsstilling, med oppstart 1. desember 2026.
Burgeren Teatergaten i Bergen søker 2 kokker på heltid, fast ansettelse, med hovedsakelig helgearbeid.
DP Norway AS (Domino's Vestkanten) søker 4 medarbeidere på deltid, fast ansettelse, i Bergen.