Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

To seksjonsleiarar til Fødeavdelinga, Kvinneklinikken

Kvinneklinikken, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland

FastHeltid2 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 26.11.2026

Annonsetekst

Vil du leie medarbeidarar og fagmiljø i ei av dei største fødeavdelingane i Noreg? Vi søker to seksjonsleiarar til Fødeavdelinga ved Kvinneklinikken. Den eine skal leie Føde C, ein kombinert føde- og barselseksjon. Den andre skal leie Føde E, ein seksjon med ansvar for kvinner og nyfødde i barseltid. Stillingane har mykje til felles, men byr òg på ulike leiaroppdrag. Du kan søke på éi av stillingane eller begge, og må oppgi i søknaden kva stilling eller stillingar du søker. Om Fødeavdelinga Fødeavdelinga ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus i Bergen er ein av dei største fødeinstitusjonane i Noreg, med om lag 5000 fødande årleg. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omegn, tar vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile Vestlandet. Seksjonane ved Fødeavdelinga samarbeider tett, og seleksjon av fødande til ulike risikonivå er eit viktig fagleg prinsipp som dannar grunnlaget for organiseringa av tilbodet. Kvinneklinikken er eit stort fagmiljø med rundt 500 medarbeidarar. Som universitetssjukehus skal vi kombinere god og trygg pasientbehandling med fagutvikling, kompetansebygging og kontinuerleg forbetring. Kvinneklinikken held til i eit moderne og nytt sjukehusbygg i Glasblokkene, og er inne i ein spennande utviklingsperiode etter innflyttinga i november 2023. To seksjonar med ulike leiaroppdrag Føde E Føde E er ein seksjon for kvinner og nyfødde i perioden etter fødsel (barseltid). Seksjonen har rundt 50 medarbeidarar og fleire ulike yrkesgrupper. Som seksjonsleiar får du eit viktig oppdrag med å utvikle den nye seksjonen og skape gode rammer for pasientar, medarbeidarar, fag og drift. Synleg og tilgjengeleg leiing og tett personaloppfølging blir sentralt. Du skal bidra til godt samarbeid mellom profesjonar og til å utvikle ei robust organisering av seksjonen. Ein viktig del av oppdraget blir å sikre stabil bemanning og kompetanse, og gode og trygge ordningar for rotasjon og fagleg utvikling. Føde C Føde C er ein kombinert føde- og barselseksjon. Seksjonen har rundt 80 medarbeidarar og fleire ulike yrkesgrupper. Her gir vi fødsels- og barselhjelp både ved ukompliserte forløp og ved fødslar som krev ekstra oppfølging, overvaking og behandling. Seksjonen handterer mellom anna premature fødslar frå veke 34, setefødslar og induksjonar. Som seksjonsleiar skal du bidra til høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og vidare utvikling av eit sterkt fagmiljø. Du får ansvar for å skape gode rammer for medarbeidarane og samtidig vidareutvikle seksjonen i tett samarbeid med andre delar av Fødeavdelinga og Kvinneklinikken.

Arbeidsoppgåver

  • fag, økonomi, personell og drift i eigen seksjon
  • å sikre fagleg forsvarlege tenester og god pasienttryggleik
  • leiing, utvikling og oppfølging av medarbeidarar
  • rekruttering, bemanning, arbeidsplanlegging og kompetanseutvikling
  • å utvikle eit godt, inkluderande og lærande arbeidsmiljø
  • å sikre god bruk av kompetanse og bidra til fagleg utvikling
  • forbetrings- og utviklingsarbeid i eigen seksjon
  • å skape god samhandling mellom profesjonar, seksjonar og fagområde
  • å omsette overordna mål og prioriteringar til god dagleg drift

Kvalifikasjonar

Vi ønsker kandidatar frå relevante profesjonar med erfaring frå sjukehus og forståing for kompleksiteten i sjukehusdrift.

Vi ser etter deg som har:

  • relevant høgare utdanning innan helse
  • erfaring frå sjukehus og god forståing for sjukehusdrift
  • erfaring som gjer deg i stand til å leie medarbeidarar og fagmiljø i ein kompleks organisasjon
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det er ein fordel om du har:

  • leiarerfaring, gjerne med personalansvar
  • leiarutdanning
  • erfaring frå endrings-, utviklings- eller forbetringsarbeid
  • erfaring med kompetanse- og fagutvikling

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer leiarar som utfyller leiarteamet og bidrar aktivt til heilskapen, ikkje berre eigen seksjon. Du:

  • har gjennomføringskraft og klarer å omsette planar og avgjerder til handling
  • er robust i endring og evnar å skape tryggleik og retning også når rammer, behov og prioriteringar endrar seg
  • har god problemløysingsevne og klarer å sjå både behova til den enkelte medarbeidaren og det samla ansvaret til seksjonen
  • samarbeider godt og bidrar med kompetanse og perspektiv som utfyller resten av leiarteamet
  • er tydeleg, tilgjengeleg og til stades for medarbeidarane
  • evnar å prioritere og ta avgjerder også når ulike omsyn står mot kvarandre Personleg eignaheit vil bli særskild vektlagd.

Hos oss får du:

  • leie eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø
  • påverke utviklinga av fødetilbodet
  • delta aktivt i KK si leiargruppe
  • støtte frå erfarne leiarar og relevante stabsfunksjonar
  • gode moglegheiter for leiarutvikling og fagleg påfyll
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Martha Svarstad Vadset, Assisterande leiar, 90507344 Lorentz Erland Linde, Direktør, 41456090

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 1 5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5209197478 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.11.2026

Søk på jobben
Søk senest 26.11.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Kvinneklinikken, Helse Bergen HF

API og MCPGET /company/974557746/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974557746/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 25,
  "hits": [
    {
      "uuid": "5ed9f7a0-b7da-471d-b7fb-3c7e598deda3",
      "title": "Kantine- kafémedarbeidar ",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "0476fe75-0e7c-4fb9-ae27-eff3d010caf5",
      "title": "Reinhaldar, 100% vikariat",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-11-27 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974557746" })

Spør AI-assistenten

  • Hva er søknadsfristen for «To seksjonsleiarar til Fødeavdelinga, Kvinneklinikken» hos Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus?
  • Ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus flere i Bergen nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus i akkurat nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier til hjemmetjeneste i Innlandet
Konstali Helsenor AS · INNLANDET

Konstali Helsenor søker sykepleier til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Innlandet, fra 16. november 2026 til 31. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026
Kvinneklinikken, Helse Bergen HF
Frist 26.11.2026
Søk på stillingen →