Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Sjukepleiar 

Medisinsk Sengepost 1 Førde, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland

VikariatHeltid3 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 9.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Førde søkjer sjukepleiar til Medisinsk sengepost 1 ved Førde sentralsjukehus, i det nye sjukehuset (Liva-bygget). Det er 3 ledige vikariat i 100 % stilling med snarleg oppstart, men deltid kan også leggjast til rette for. Sengeposten har spesialistar innan nyre-, diabetes- og endokrinologi, hjartesjukdommar og geriatri, og dei utlyste stillingane vil i hovudsak vere knytt til fagfeltet hjartesjukdommar. Arbeidsoppgåvene omfattar pasientnær oppfølging, behandling, observasjon, stell og pleie av både akutt og kronisk sjuke, ofte eldre pasientar med samansette helseutfordringar. Stillinga inngår i tredelt turnus, og arbeidet er tverrfagleg i samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Arbeidsstad er i Sunnfjord kommune, Vestland.

Om arbeidsgjevaren

Helse Førde HF, Førde sentralsjukehus er ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan somatiske sjukehustenester, med 1744 tilsette. Dette er ein stor og veletablert offentleg arbeidsgjevar innan spesialisthelsetenesta.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 9. september 2026.

Om stillingen

Medisinsk sengepost 1 ved Førde sentralsjukehus har ledige vikariat forsjukepleiar.

Vi ønskjer søknader frå både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar.

Vi har tre ledige vikariat i 100 % stilling med oppstart snarast mogleg. Dersom du ønskjer deltidsstilling, kan vi også leggje til rette for dette.

Medisinsk sengepost 1 jobbar i det nye sjukehuset (Liva bygget) og har spesialistar på tre hovudfagfelt: nyre-, diabetes- og endokrinologi, hjartesjukdommar og geriatri. Geriatri har også eigen poliklinikk i sengeposten (Svana). For deg som er nyutdanna er dette ein god plass å starte som sjukepleiar, her får du møte ei stor gruppe pasientar med varierte indremedisinske sjukdommar.

Vi samarbeider tett med sengepost 2 som har spesialistar i fagfelta gastro, lunge & lungekreft og utgreiing. Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag saman med engasjerte og kompetente kollegaer som samarbeider tett og støttar kvarandre. Vi legg vekt på fagleg utvikling, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø, og gir deg gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din og få brei klinisk erfaring.

Stillingane som blir lyst ut høyrer i hovudsak til fagfeltet hjartesjukdommar og ei stor overvekt av arbeidet vil være på dette teamet.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar vil du møte både akutt og kronisk sjuke pasientar med eit breitt spekter av sjukdomsbilete. Mange av pasientane er eldre og har samansette helseutfordringar. Arbeidet omfattar pasientnær oppfølging, behandling, observasjon, stell og pleie.

Stillinga inngår i tredelt turnus, og det er ein føresetnad at du kan arbeide i denne turnusordninga.

Arbeidet er tverrfagleg, og du samarbeider tett med både pårørande og primærhelsetenesta for å sikre heilskapleg pasientoppfølging. I det tverrfaglege teamet samarbeider du mellom anna med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein naturleg del av det daglege arbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vere autorisert sjukepleiar
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar.
  • Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team. Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål.
  • Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

  • God opplæring gjennom ei fadderordning med trygge rammer.
  • Eit fagleg utviklande arbeidsmiljø med fokus på organisasjonsutvikling og kontinuerleg forbetring av tenestene våre.
  • Moglegheit til å vere med og bidra til å utvikle eit nytt og betre sjukehus for både pasientar og tilsette.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på sosial tilhøyrsle og trivsel, mellom anna gjennom årlege sosiale treffpunkt.
  • Moglegheit for langvakter i helg for dei som ønskjer det.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Magnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar, (+47) 407 29 970

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2 6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5170668252 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 09.09.2026

Søk på jobben
Søk senest 9.9.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Medisinsk Sengepost 1 Førde, Helse Førde

Lignende stillinger

Helsefagarbeider til oppdrag i Nordland
Konstali Helsenor As · NORDLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat i Nordland, heltid ut oktober 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Buskerud
Konstali Helsenor As · BUSKERUD

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Nordland
Konstali Helsenor As · NORDLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til heltids vikariat i Nordland.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Audiograf til oppdrag i Finnmark
Konstali Helsenor As · FINNMARK

Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial