Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Tilsynsrådgjevar i Lom og Skjåk

Lom Kommune Sentraladministrasjon · Lom, Innlandet

FastHeltidOffentligKontor og økonomiFrist 7.12.2026

Annonsetekst

Vil du vere med og byggje opp eit nytt interkommunalt tilsynssamarbeid og bidra til ei berekraftig utvikling i Lom og Skjåk?

Lom og Skjåk kommunar har etablert eit felles tilsynssamarbeid innan forureining og byggesak, og vi søkjer no ein rådgjevar i 100 % fast stilling. Dette er ei nyoppretta stilling der du får høve til å vere med frå starten og påverke korleis tilsynsarbeidet skal organiserast og utviklast i åra som kjem.

Gjennom arbeidet ditt skal du bidra til at kommunane tek vare på miljøet og sikrar at lover og reglar blir følgde. Du vil arbeide med tilsyn etter forureiningsforskrifta og plan- og bygningslova, og du vil vere ein viktig ressurs for både innbyggjarar, næringsliv og kommunane.

Arbeidsoppgåvene dine

Som tilsett i denne stillinga får du eit særleg ansvar for å utvikle og etablere tilsynsarbeidet innanfor forureiningsforskrifta. Den fyrste tida skal du utarbeide tilsynsplan og rutinar, og finne arbeidsmåtar som legg grunnlaget for eit godt og langsiktig tilsynsarbeid i kommunane.

  • Arbeidsoppgåvene dine vil vidare vere å:
  • planleggje, førebu, gjennomføre og rapportere tilsyn
  • rettleie innbyggjarar, næringsdrivande og utbyggjarar om regelverk og god praksis
  • samarbeide tett med fagområda VAR, byggesak, miljø og landbruk
  • bistå med sakshandsaming ved behov.

Du vil få fagansvar for tilsynsarbeidet etter forureiningsforskrifta og plan- og byggesakslova.

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du har:

  • relevant høgare utdanning innan tekniske fag eller miljøfag, eller teknisk fagskule. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • gode digitale ferdigheiter
  • førarkort klasse B

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og oppfordrar også nyutdanna til å søkje.

Vi ser etter deg som

  • er fagleg trygg
  • trivst i møte med menneske og kommuniserer godt med både innbyggjarar, næringsliv og kollegaer
  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • samarbeider godt med andre og finn gode løysingar
  • har engasjement for å utvikle fagområdet
  • ønskjer å vere med på å byggje opp det interkommunale tilsynssamarbeidet.

Stillinga inneber både kontorarbeid og arbeid ute i felt. Kontorstad vil i hovudsak vere kommunehuset i Lom.

Fordi dette er eit nyetablert samarbeid, kan arbeidsoppgåver og organisering bli justerte i takt med erfaringar og vidare utvikling av tenesta.

Kvifor velje oss?

Hjå oss får du:

  • ei sentral rolle i eit nytt interkommunalt samarbeid
  • høve til å påverke utviklinga av fagområdet
  • ein variert arbeidskvardag med både kontorarbeid og arbeid ute i felt
  • eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • fleksibel arbeidstid
  • konkurransedyktig løn
  • gode pensjonsordningar
Søk på jobben
Søk senest 7.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Lom Kommune Sentraladministrasjon

API og MCPGET /company/974592231/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974592231/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "5c076c21-97e3-4e5c-bd0f-5264a1bc14b2",
      "title": "Tilsynsrådgjevar i Lom og Skjåk",
      "municipal": "LOM",
      "application_due": "2026-12-07 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "656f6d2c-77f4-4a9e-a899-35724ebcad4f",
      "title": "Helsefagarbeidar/omsorgsarbeider – 100 % svangerskapsvikariat i heimesjukepleia",
      "municipal": "LOM",
      "application_due": "2026-12-02 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974592231" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke typer roller ansetter Lom Kommune Sentraladministrasjon i akkurat nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Lom Kommune Sentraladministrasjon ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Tilsynsrådgjevar i Lom og Skjåk» hos Lom Kommune Sentraladministrasjon?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Takstingeniør – deltid
Birkeland Takst & Prosjekt As · AKERSHUS

Birkeland Takst & Prosjekt i Oslo søker en takstingeniør i deltidsengasjement, erfaren eller nyutdannet.

EngasjementDeltidKontor og økonomi
Verksamhetsledare på Nordens välfärdscenter
Nordens Välfärdscenter

Nordens välfärdscenter i Stockholm søker én verksamhetsledare på heltid, tidsbegrenset i 12 måneder til 2 år.

AnnetHeltidKontor og økonomi
Frist 7.12.2026
Export Control Compliance Lead
CERN

CERN i Sveits søker én Export Control Compliance Lead på heltid, fast ansettelse, til å bygge opp et nytt eksportkontrollkontor.

FastHeltidKontor og økonomi
Frist 20.11.2026
Asset Accountant
CERN

CERN søker en Asset Accountant på heltid i fast stilling i Sveits, med fokus på eiendelsregnskap og varige driftsmidler.

FastHeltidKontor og økonomi
Frist 24.11.2026
Lom Kommune Sentraladministrasjon
Frist 7.12.2026
Søk på stillingen →