Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Kulturskulelærar - Høyanger sørside

Høyanger Kommune Høyanger Kulturskule · Høyanger, Vestland

VikariatDeltidOffentligUtdanningFrist om 5 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Høyanger kulturskule søkjer kulturskulelærar i 20 % stilling, vikariat frå snarast og fram til 31.07.27. Oppmøtestad er Ortnevik eller Bjordal. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning av enkeltelevar og grupper i piano og/eller treblåsinstrument, planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar, prosjektarbeid og utviklingsarbeid i kulturskulen, samt rekruttering av elevar til kulturskulen på Høyanger sørside. Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld, med noko arbeid i helg. Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett.

Om arbeidsgjevaren

Høyanger kulturskule er ei underending i offentleg forvaltning som driv kulturskuleundervisning for barn og unge, med 6 tilsette. Verksemda er lokalisert i Høyanger kommune.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 29.09.2026.

Om stillingen

Kulturskulen er organisert under Høyanger skule, og har no ledig 20 % stilling som kulturskulelærar. Stillinga er ledig frå snarast og tom 31.07.27 – vikariat.

Oppmøtestad blir Ortnevik eller Bjordal.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.

Arbeidsoppgåver:

• Undervisning av enkeltelevar og grupper innan piano og/eller treblåsinstrument som t.d fløyte. Kan vere open for andre instrument/aktivitetar, avhengig av søkjarar sine kvalifikasjonar og ønskjer frå elevane. • Planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar • Prosjekt i samarbeid med øvrig tilsette i kulturskulen • Utviklingsarbeid i kulturskulen • Rekruttering av elevar til kulturskulen på Høyanger sørside

Kvalifikasjonar:

• Ønskeleg med musikkutdanning på høgskulenivå med pedagogikk, men ikkje eit krav • Ønskjeleg med erfaring frå kulturskule eller liknande arbeid • Må kunne undervise på norsk • Søkjarar bør ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast

Personlege eigenskapar:

• Gode samarbeidsevner • Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne • Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane • Fleksibel i høve arbeidsoppgåver • Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette

Vi tilbyr:

• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse» • Lønn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld. Noko arbeid i helg kan påreknast.

Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett. Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 29.9.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Høyanger Kommune Høyanger Kulturskule

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning