Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Kulturskulelærar - Lavik

Høyanger Kommune Høyanger Kulturskule · Høyanger, Vestland

VikariatDeltidOffentligUtdanningFrist om 6 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Høyanger kulturskule søkjer ein kulturskulelærar i 20 % vikariat, med oppstart snarast og varigheit til 31.07.27. Oppmøtestad er Lavik. Hovudoppgåvene er undervisning av enkeltelevar og grupper innan piano (opent for andre instrument avhengig av kvalifikasjonar), planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar, prosjektarbeid saman med andre tilsette, utviklingsarbeid i kulturskulen og rekruttering av elevar. Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld, med noko helgearbeid. Musikkutdanning på høgskulenivå med pedagogikk og erfaring frå kulturskule er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Politiattest blir kravd av den som blir tilsett.

Om arbeidsgjevaren

Høyanger kulturskule er ein underenhet til Høyanger kommune, organisert under Høyanger skule, og driv kulturskuleundervisning for barn og unge. Verksemda har 6 tilsette, ei mindre eining innan offentleg kulturopplæring.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 29.09.2026.

Om stillingen

Kulturskulen er organisert under Høyanger skule, og har no ledig 20 % stilling som kulturskulelærar. Stillinga er ledig frå snarast og tom 31.07.27 – vikariat.

Oppmøtestad blir Lavik.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.

Arbeidsoppgåver:

• Undervisning av enkeltelevar og grupper innan piano. Kan vere open for andre instrument/aktivitetar, avhengig av søkjarar sine kvalifikasjonar og ønskjer frå elevane. • Planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar • Prosjekt i samarbeid med øvrig tilsette i kulturskulen • Utviklingsarbeid i kulturskulen • Rekruttering av elevar til kulturskulen

Kvalifikasjonar:

• Ønskeleg med musikkutdanning på høgskulenivå med pedagogikk, men ikkje eit krav • Ønskjeleg med erfaring frå kulturskule eller liknande arbeid • Må kunne undervise på norsk • Søkjarar bør ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast

Personlege eigenskapar:

• Gode samarbeidsevner • Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne • Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane • Fleksibel i høve arbeidsoppgåver • Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette

Vi tilbyr:

• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse» • Lønn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld. Noko arbeid i helg kan påreknast.

Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett. Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 29.9.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Høyanger Kommune Høyanger Kulturskule

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning