Hopp til innhold
Nytt!Ny artikkel: Dette eier VM-troppen.Les artikkelen

Helsefagarbeidar

Nordfjord Psykiatrisenter, Seksjon Døgn, Helse Førde · Stad, Vestland

VikariatHeltidOffentligHelse og sosial

AI-sammendrag

Om stillingen

Nordfjord psykiatrisenter, Seksjon døgn, søkjer ein helsefagarbeidar i eit 100 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.05.2027. Stillinga er tilknytt døgnseksjonen med 12 sengeplassar og inneber tredelt turnus med nattarbeid og arbeid kvar tredje – eller eventuelt kvar fjerde – helg med lange vakter. Arbeidsstad er Nordfjordeid i Stad kommune, Vestland.

Hovedoppgåvene er behandling og oppfølging av pasientar i døgnopphald etter behandlingsplan, deltaking i miljøterapeutiske aktivitetar (turar, trening, buldring, musikkterapi), samarbeid med pårørande, kommunehelsetenesta og NAV, samt legemiddelhandtering.

Om arbeidsgivaren

Nordfjord psykiatrisenter er ein del av Helse Førde HF og er registrert i bransjen psykiatriske sjukehustenester for vaksne. Eininga har 106 tilsette og er ein underleige av ein større offentleg helseføretak. Seksjon døgn har eit tverrfagleg team på om lag 30 tilsette, med psykologar, overlegar, miljøterapeutar, erfaringskonsulentar og helsesportspedagog.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 05.07.2026.

Om stillingen

Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord?

Er du ein som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske i sårbare livssituasjonar? Ønskjer du å bidra til at pasientar blir møtt med respekt, likeverd og omsorg? Då kan dette vere ei stilling for deg. Ved Nordfjord psykiatrisenter jobbar vi kvar dag for å betre folkehelsa – med hjartet i det vi gjer. Seksjon døgn er ein viktig del av dette arbeidet, med 12 sengeplassar og eit engasjert team på om lag 30 tilsette.

Hjå oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort engasjement – frå psykologar og overlegar til miljøterapeutar, miljøarbeidarar, erfaringskonsulentar og helsesportspedagog.

Seksjon døgn har ledig eit 100 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.05.2027. Vi søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar. Stillinga innber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar tredje helg eller mulighet for arbeid kvar fjerde helg med lange vakter.

Hjå oss får du:

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke og utvikle behandlingstilbodet
  • Ein variert arbeidskvardag med pasientnært arbeid
  • Ein meiningsfull kvardag der du gjer ein forskjell

Oppstart etter nærare avtale.

Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.

Vi tilbyr

  • Arbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg miljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag
  • Interne fagdagar og undervisning som gir fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å ta initiativ og påverke din eigen arbeidskvardag
  • Å ta del i ein organisasjon i utvikling, med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga

Arbeidsoppgåver

  • Du gir behandling og oppfølging til pasientar i døgnopphald, i samsvar med behandlingsplan
  • Du samarbeider med og involverer pårørande i pasientbehandlinga
  • Du bidreg med faglege innspel til utvikling av tenestene våre
  • Du deltek i miljøterapeutiske aktivitetar som turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
  • Du samarbeider med kommunehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar
  • Du deltek i legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer

Personlege eigenskapar

  • Du møter pasientar med respekt, ro og eit ope sinn
  • Du arbeider strukturert og målretta, og finn gode løysingar i kvardagen
  • Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er motivert for fagleg utvikling og ønskjer å lære

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Interesse for fagfeltet
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, (+47) 971 89 629

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9 6770 NORDFJORDEID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5146015834 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.05.2027 Søknadsfrist: 05.07.2026

Lignende stillinger

Sykepleier med legevaktskompetanse
Emploi · NORDLAND

Emploi søker 3 sykepleiere med legevaktskompetanse til heltidsengasjement, med oppdrag i Nordland, Østfold og Vestland.

EngasjementHeltid3 stillingerHelse og sosial
Vi søker barnevernsarbeidere
Emploi · TROMS

Emploi søker 3 barnevernspedagoger/sosionomer til heltidsengasjement i Troms og Nord-Norge.

EngasjementHeltid3 stillingerHelse og sosial
Psychiatrist for the Region of Southern Denmark
Middelfart Nærhospital

Middelfart Nærhospital i Danmark søker 2 faste psykiatere på heltid til spesialisert traumebehandling av flyktninger og PTSD-pasienter.

FastHeltid2 stillingerHelse og sosial
Frist 13.7.2026