Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Intensivsjukepleiar/sjukepleiar

Intensiv Volda, Helse Møre Og Romsdal Hf · Volda, Møre Og Romsdal

VikariatDeltidOffentligHelse og sosialFrist om 7 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Eit vikariat som intensivsjukepleiar/sjukepleiar ved Intensiv i Volda, med oppstart 17.08.2026 og varigheit til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga er på 75 % og inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåvene omfattar overvaking og behandling av kritisk sjuke pasientar, postoperativ oppfølging etter kirurgiske inngrep og ivaretaking av pasientar knytt til dagkirurgi. Det er tett tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper.

Om arbeidsgivaren

Helse Møre og Romsdal HF er eit regionalt helseføretak som driv offentlege sjukehus i Møre og Romsdal, organisert som helseføretak under Helse Midt-Norge. Volda sjukehus er eitt av fleire sjukehus i føretaket og har eit intensivmiljø med breitt medisinsk og kirurgisk pasientgrunnlag. Som del av spesialisthelsetenesta er dette ein større offentleg arbeidsgjevar med gode pensjons- og forsikringsvilkår og løn etter gjeldande overeinskomstar.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 17.08.2026. Attester og vitnemål skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Om stillingen

Er du vår nye intensivsjukepleiar/sjukepleiar? Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid? Då ønskjer vi deg velkomen til Intensiv i Volda!

Vi har eit ledig vikariat frå 17.08.26 til 31.12.26, med moglegheit for forlenging. Oppstartsdato kan avtalast.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert intensivsjukepleiar/sjukepleiar som ønskjer å vere ein del av eit dyktig og inkluderande team. Intensiv i Volda behandlar eit breitt spekter av medisinske og kirurgiske pasientar. Vi har ansvar for overvaking og behandling av kritisk sjuke pasientar, postoperativ oppfølging etter kirurgiske inngrep og ivaretaking av pasientar i samband med dagkirurgi. Arbeidskvardagen er variert, utfordrande og lærerik, med vekt på kvalitet, pasienttryggleik og fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg
  • Ansvar for ivaretaking av kritisk sjuke pasientar og deira pårørande
  • Tett tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper
  • Mottak, observasjon og oppfølging av postoperative pasientar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Videreutdanning i intensivsjukepleie er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og ønsker å utvikle deg
  • Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Du er fleksible, løysnigsorientert og tek ansvar
  • Du har pasienten i fokus og bidreg til god kvalitet i behandlingen

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit spennande og variert arbeid i eit høgt kompetent fagmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Tett tverfagleg samarbeid
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttende kollegaer
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Melkorka Vidisdottir, Seksjonsleiar, Melkorka.Vidisdottir@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1 6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5143601198 Stillingsprosent: 75% Vikariat Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 17.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 17.8.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Intensiv Volda, Helse Møre Og Romsdal Hf

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026