Sjukepleiar
Medisinsk Sengepost Volda, Helse Møre Og Romsdal Hf · Volda, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Medisinsk sengepost ved Volda sjukehus lyser ut 3 vikariater for sjukepleiarar: eitt i 80 % og to i 100 % stilling. Stillingane er vikariat med startdato 1. september 2026 og sluttdato 31. august 2027. Arbeidsstad er Volda kommune i Møre og Romsdal.
Arbeidsoppgåvene inkluderer tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, tverrfagleg samarbeid om pleie og behandling, mottak og overføring av pasientar, samt eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver som palliasjon, medikamenthandtering og samarbeid med pårørande. Sengeposten har 30 sengeplassar fordelt på tre grupper og tek imot pasientar med eit breitt diagnosespekter.
Norsk autorisasjon som sjukepleiar er påkravd. Tredjestudentstudentar som mottek autorisasjon sommaren 2026 kan også søke.
Om arbeidsgivaren
Helse Møre og Romsdal HF er eit offentleg helseforetak som driv somatiske sjukehustenester i Møre og Romsdal. Volda sjukehus – somatikk er registrert som underenhet med 546 tilsette. Verksemda er ein del av den offentlege spesialisthelsetenesta og tilbyr medlemskap i offentleg pensjonsordning og løn etter gjeldande overeinskomstar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 2. august 2026. Attestar og vitnemål skal lastast opp som vedlegg til søknaden.
Om stillingen
Vi har ledig eit vikariat i 80% og to i 100%
Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø og hyggelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tverrfagleg med eit tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling og omsorg. Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar og gir deg som sjukepleiar god breidde i kompetanse og erfaringar. For tida har vi 30 sengeplassar fordelt på tre grupper.
Vil du bli ein del av laget vårt? Send oss søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg
- Samarbeide tverrfagleg kring pleie og behandling av pasientar
- Bistå i mottak og overføring av pasientar mellom ulike omsorgsnivå
- Eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver, mellom anna palliasjon, medikamenthandtering, samarbeid med pårørande og førstelinjetenesta.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- 3. års sjukepleierstudentar som mottek autorisasjon som sjukepleiar sommaren 2026 kan også søke
- Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til medisinske fagområde er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert
- Du er ansvarsbevisst og fleksibel
- Du er positiv, støttande og likar å samarbeide i team
- Du har gode samarbeidseigenskapar
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjordar og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Laila Moe Winjevoll, Seksjonsleiar, +47 47829022, Laila.Moe.Winjevoll@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1 6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5139086514 Stillingsprosent: 100, 80% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 16.08.2026
Flere stillinger hos Medisinsk Sengepost Volda, Helse Møre Og Romsdal Hf
Helse Møre og Romsdal HF søker intensivsjukepleiar/sjukepleiar i 75 % vikariat ved Volda sjukehus, med oppstart august 2026.
Lignende stillinger
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.