Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Sjukepleiar - 6 månaders vikariat

Skopi-Urologi-Operasjon Poliklinikk, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland

VikariatHeltidOffentligHelse og sosialFrist 2.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Førde søker sjukepleiar til eit 6 månaders vikariat (100 %) ved Skopi-urologi-operasjonspoliklinikken, med moglegheit for forlenging. Stillinga er heltid, 1 stilling, og arbeidsstad er Sunnfjord (Førde). Oppgåvene omfattar arbeid på fleire kirurgiske fagfelt – urologi, gastro, endokrin, mamma, kar, generell- og plastikkirurgi – med utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar, i tillegg til arbeid i den nyetablerte kvilesona. Krav er autorisasjon som sjukepleiar og gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Erfaring frå kirurgisk/ortopedisk fagfelt og poliklinikk kan bli vektlagt. Oppstart er sett til 2. november 2026.

Om arbeidsgiveren

Stillinga er knytt til Helse Førde HF, Førde Sentralsjukehus, ei underenhet innan somatiske sykehustjenester i offentleg forvaltning. Sjukehuset er ein stor arbeidsplass med 1655 tilsette. Poliklinikken har 22 tilsette og eit tverrfagleg fagmiljø med mellom anna uroterapeutar, stomi- og kontinenssjukepleiarar og gastrosjukepleiarar.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 2. oktober 2026.

Om stillingen

Skopi-urologi-operasjonspoliklinikk har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar i 6 mnd, med moglighet for forlenging.

Om stillinga: Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit engasjert og tverrfagleg team som arbeider med utgreiing, behandling og oppfølging av vaksne og barn innan fleire kirurgiske fagfelt. Denne stillinga innebærer å jobbe med fleire kirurgiske fagfelt, melom anna urologi, kirurgisk gastro, endokrin, bryst, kar, generell- og plastikkirurgi. Arbeidet er sjølvstendig og variert, samtidig som du samarbeider tett med legar og andre faggrupper. Du får ein arbeidskvardag med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din innan fleire spennande fagområde. Om poliklinikken Vi er ein stor poliklinikk med 22 tilsette og har eit breitt samansett fagmiljø. Hos oss arbeider mellom anna uroterapeutar, stomi- og kontinenssjukepleiarar, gastrosjukepleiarar, sjukepleiarar, operasjonssjukepleiar og fedmekoordinator.

Arbeidstida vår er kl 08:00 - 15:30. I tillegg til dei kirurgiske fagområda driv vi med medisinske skopiar og assisterer ved ortopediske operasjonar. Vi har også ansvar for kvilesona, eit nyetablert tilbod for pasientar i Helse Førde. Hos oss blir du del av eit aktivt og engasjert fagmiljø der du får moglegheit til å lære mykje og utvikle deg fagleg på tvers av ulike spesialområde. Kven ser vi etter? Trivst du med ein variert arbeidskvardag, høgt tempo og sjølvstendig arbeid – samtidig som du set pris på godt samarbeid og eit kjekt arbeidsmiljø? Då håpar vi du vil søkje hos oss!

Ta gjerne kontakt for ein uformell prat dersom du ønskjer å vite meir om stillinga.

Velkommen til Helse Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med fagfelta urologi-, gastro-, endokrin-, mamma-, kar-, generell- og plastikkkirurgi.
  • Møte menneske i ulike fasar av sjukdomsforløpet som skal til utgreiing og/eller vidare behandling.
  • Førebu og assistere ved ulike behandlingar og operasjonar i lokalbedøvelse.
  • Arbeid i kvilesona ved å ivareta pasient før/under/etter behandlinga og i samband med ulike undersøkingar.
  • Handtere instrument og utstyr før, under og etter undersøking og behandling.
  • Ha sjølvstendige pasientkonsultasjonar.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Søkjar med erfaring innan kirurgisk- og ortopedisk fagfelt og poliklinikk kan verte føretrekt
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Sjøvstendig og ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Er fagleg engasjert og ønskjer utvikling
  • Må trivast i eit travelt og aktivt miljø
  • Positiv og samarbeidsvillig
  • Gode kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar og leiing
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marie Fossheim, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 219

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2 6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5181217210 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 02.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 2.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Skopi-Urologi-Operasjon Poliklinikk, Helse Førde

Lignende stillinger

Tannhelsesekretær - Årnes tannklinikk
Akershus fylkeskommune, Årnes tannklinikk · AKERSHUS

Årnes tannklinikk i Akershus fylkeskommune søker tannhelsesekretær i fast, 100 % stilling.

FastHeltidHelse og sosial
Sykepleier til sykehjem i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor AS · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid, ansvarlig sykepleier-rolle.

VikariatHeltidHelse og sosial