Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Engasjert Matvert 

Drift/teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland

FastDeltidOffentligReiseliv og matFrist 3.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Bergen søker ein matvert til Nordås ReHabiliteringsklinikken. Stillinga er ei fast deltidsstilling på 15%, med turnus dag/kveld og fast arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåvene omfattar bestilling, tilverking og servering av mat til pasientar, samt reinhald, oppvask og rydding. Erfaring frå kjøkken/kantine er ønskeleg, og søkarar med fagbrev som kokk blir føretrekt. Arbeidsstad er Haukelandsveien 22 i Bergen.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga ligg under Hospitaldrift Matforsyning, ein del av drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, som driv 22 matstover og har 790 medarbeidarar i avdelinga. Verksemda leverer ikkje-medisinske tenester til sjukehusdrifta. Sjølve arbeidsgjevaren i registeret er Helse Bergen Eiendom AS, ei underining innan utleige av fast eigedom med forretningsstad i Bergen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 3. september 2026.

Om stillingen

Helse Bergen søker ein engasjert og dyktig matvert til teamet vårt!

Vi har ledig ein 15% fast stilling på Nordås ReHabiliteringsklinikken med turnus dag/kveld og fast arbeid kvar tredje helg.

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen. Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar. Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar. Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 matstover.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt)
  • Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging
  • Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare
  • Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring
  • Fagbrev som kokk er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Åge Nilsen, Driftskoordinator , 55974536 Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22 5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5167783285 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 03.09.2026

Søk på jobben
Søk senest 3.9.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Er du vår neste naturguide?
Undring · AKERSHUS

Undring i Oslo/Bærum søker 2 deltids naturguider for korte, interaktive natur­turer på arbeidsplasser.

AnnetDeltid2 stillingerReiseliv og mat
Kjøkkenassistent/Nyutdannet kokk
Asian Corner Paradis · BERGEN, VESTLAND

Asian Corner Paradis i Bergen søker kjøkkenassistent/nyutdannet kokk i fast heltidsstilling.

FastHeltidReiseliv og mat
Rask og engasjert kjøkkenassistent
Zuppa Horisont As · BERGEN, VESTLAND

Zuppa Horisont i Bergen søker 2 kjøkkenassistenter til restauranten, fast heltidsstilling.

FastHeltid2 stillingerReiseliv og mat
Engasjert, rask kjøkkenhjelp
Zuppa Rådal As · BERGEN, VESTLAND

Zuppa Rådal (Zupperia) i Bergen søker 2 kjøkkenhjelper/kjøkkenassistenter på heltid, fast ansettelse.

FastHeltid2 stillingerReiseliv og mat
Frist 13.9.2026
Bartender
Trattoria B · BERGEN, VESTLAND

Trattoria B i Bergen søker 2 bartendere på heltid, fast ansettelse.

FastHeltid2 stillingerReiseliv og mat
Meeting & Events Koordinator
Radisson Blu Royal Hotel, Bergen · BERGEN, VESTLAND

Radisson Blu Royal Hotel i Bergen søker Meeting & Events Koordinator, fast heltidsstilling.

FastHeltidReiseliv og mat