Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga
Bu- Og Miljøtenesta, Stad Kommune · Stad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Bu- og miljøtenesta i Stad kommune søkjer ein vernepleiar eller miljøterapeut til barneavlastinga i Nordfjordeid. Stillinga er eit 100 % vikariat med oppstart snarast mogleg og varar til november 2027. Det er moglegheit for at 23 % av stillinga (helgearbeidet) kan gjerast om til fast tilsetjing. Turnusen inkluderer langvakter med 2:1-bemanning og arbeidshelg kvar fjerde helg.
Hovedoppgåvene er miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging av barn med varierte behov, inkludert omsorg, kartlegging, dokumentasjon i pasientjournal og tverrfagleg samarbeid. Stillinga krev autorisasjon som vernepleiar, eller treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Førarkort er påkravd.
Om arbeidsgivaren
Barneavlastinga er ei undereining av Stad kommune med 42 tilsette, og driv innanfor bransjen for tenester i avlastningsbustader og -institusjonar. Eininga gjev avlastingstilbod til familiar med tyngande omsorgsbehov for sine barn. Ingen rekneskapstal er tilgjengelege for eininga.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 16. august 2026. Vitnemål, attestar og referansar skal lastast opp saman med søknaden. Politiattest må leggjast fram før oppstart.
Om stillingen
Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø i eit spennande tiltak, så kan dette vere stillinga for deg!
Stad kommune ved Bu- og miljøtenesta, avdeling barneavlasting/barnebustad, har ledig ei 100 % stilling i vikariat som vernepleiar/miljøterapeut, med oppstart snarast mogleg. Vikariatet varer ut november 2027. Det er moglegheit for at 23 % av stillinga (helgearbeidet) kan gjerast om til fast tilsetjing.
Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp med langvakter knytt til eit tiltak med 2:1 bemanning og vakter i Barneavlastinga. Arbeidshelg kvar fjerde helg med langvakter.
Barneavlastinga gjev eit avlastingstilbod for familiar som har eit tyngande omsorgsbehov for sine barn. Barna har ulike behov for oppfølging og bistand. I avdelinga arbeider ein tett på barna gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Som tilsett er du med på å skape tryggleik, meistring og gode dagar for barna. Stillinga krev at ein kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivast med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene og arbeidsdagane er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt.
Arbeidsoppgåver
- Vernepleiefaglege og/eller miljøterapeutiske oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
- Ansvar for det faglege rundt barn og ungdom.
- Skape ein god heim
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
- Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
- Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon
- Miljøterapeut: Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning knytt til barn og unge og/eller psykisk helse
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Personlege egenskapar vil bli vektlagde
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell - og sosial bakgrunn og med ulike livssyn.
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801
Kontaktinformasjon
Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Høgebakkane 6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5147141959 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 16.08.2026
Lignende stillinger
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.