Helse Førde DPS Døgn psykose søker 3 sykepleiere (1 fast + 2 vikariat) på heltid i Førde, Sunnfjord.
Pasientkoordinator
Dps Dag, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
DPS dag, ein poliklinikk under Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, søkjer 1 pasientkoordinator i fast, heltidsstilling med arbeidsstad i Sunnfjord kommune (Førde/Florø).
Hovedoppgåvene er å delta i inntaksteam, koordinere og kvalitetssikre pasientflyt og behandlingsforløp, saksbehandle klager knytt til rett til helsehjelp, og samarbeide på tvers av avdelingar. Klinisk arbeid, rettleiing og undervisning kan inngå etter behov. Stillinga krev treårig høgskuleutdanning innan helse-/sosialfag, eitt år vidareutdanning innan psykisk helsevern eller rus, og minst 2 år relevant erfaring etter fullført utdanning.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF DPS Førde er registrert som underenhet med 66 tilsette, og opererer innanfor bransjen psykiatriske sjukehustenester for vaksne. Poliklinikken er del av Psykiatrisk klinikk som totalt har om lag 200 årsverk. Klinikken held til i eit moderne bygg frå 2021 i Førde, med fire sengepostar, 41 døgnplassar, poliklinikk og ambulant vaksenhabilitering, og er samlokalisert med Førde BUP.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 21. juni 2026.
Om stillingen
DPS dag har ledig stilling som pasientkoordinator.
DPS dag er ein poliklinikk som gjev distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø tilknytt Psykiatrisk klinikk. Poliklinikken er lokalisert i Førde og Florø.
Mars 2021 flytta Psykiatrisk klinikk inn i nytt moderne bygg i Førde, der vi har 4 sengepostar med samla 41 døgnplassar, poliklinikk og ambulant vaksenhabilitering. Vi er samlokalisert med Førde BUP.
DPS dag tilbyr ei rekke ulike terapiformer som t.d. eMeistring, MBT-I/G, B4DT. DPS dag har arbeider med å opprette eit FACT team. Vi har òg eit oppsøkande team som jobbar med psykoselidingar. Vi ynskjer å legge tilrette for at søkjar med interesse for eit av dei nemnde felta får arbeidsoppgåver innanfor dette.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har ca 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Nyttig info ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF
Arbeidsoppgåver
- Delta i inntaksteam, saksbehandle klager knytt til vurderingar av rett til helsehjelp, være stedfortreder i inntaksteam ved leiars fråvær
- Koordinere og kvalitetssikre pasientflyt og behandling, primært innan DPS dag, også mellom døgn og dag og omvendt
- Koordinatorrolle i spesialisthelsetenesta ved behov
- Samarbeide med andre avdelingar og tenester knytt til pasientforløp
- Klinisk arbeid ved behov; utgreiing, vurdering og behandling
- Rettleiing og undervisning ved behov.
- Andre oppgåver etter avtale med næraste leiar
- Arbeidsoppgåver og ansvar vil endre seg i takt med utvikling som skjer i avdelinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- 3 årig høgskuleutdanning innan helse-/sosial og eit år relevant vidareutdanning innan psykisk helsevern-/rus
- God norsk munnleg og skriftleg formuleringsevne
- Ha god forståing for omsorgsnivå, kommunalt, DPS og sjukehus
- Minst 2 år relevant erfaring etter fullført høgskuleutdanning
- God evne til samarbeid er ein føresetnad
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Strukturert og sjølvstendig
- Løysingsorientert
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Rettleiing
- IA bedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 707
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5138986760 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.06.2026
Flere stillinger hos Dps Dag, Helse Førde
Helse Førde DPS Dag søker terapeut med høgskuleutdanning til fast heltidsstilling i Sunnfjord.
Lignende stillinger
Emploi søker 3 sykepleiere med legevaktskompetanse til heltidsengasjement, med oppdrag i Nordland, Østfold og Vestland.
Emploi søker 3 barnevernspedagoger/sosionomer til heltidsengasjement i Troms og Nord-Norge.
Apotek 1 søker 1 fast farmasøyt på heltid i Agder, med autorisasjon og gode engelskkunnskaper som krav.
Omsorgsgruppen i Østfold søker 3 miljøterapeuter/fagarbeidere til skoleteam – fast heltid med fokus på elever med sammensatte behov.
Dignus Medical søker fastlegevikar til 3–6 måneders heltidsstilling i Indre Telemark, med oppstart juni 2026.
Møre og Romsdal fylkeskommune søker 2 faste heltidstannleger til distriktstannklinikken i Surnadal, éin med klinikkleiaransvar.