Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

Teraput med høgskuleutdanning

Dps Dag, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Dps Dag, Helse Førde.

AI-sammendrag

Om stillingen

DPS Dag, Helse Førde søker ein fast tilsett terapeut med høgskuleutdanning i 100 % stilling ved poliklinikken i Sunnfjord kommune. Stillinga inneber utgreiing og behandling av pasientar i poliklinikk, deltaking i tverrfagleg team, samhandling og rettleiing overfor kommunar og samarbeidspartnarar, samt rettleiing og undervisning internt ved behov. Det er 1 ledig stilling.

DPS Dag tilbyr ei rekke terapiformer, mellom anna eMeistring, MBT-I/G og B4DT, og arbeider med å opprette eit FACT-team. Poliklinikken har òg eit oppsøkande team for psykoselidingar. Søkjarar med interesse for eitt av desse felta kan få arbeidsoppgåver innanfor dette.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF DPS Førde er ein undereining av Helse Førde og opererer innanfor bransjen psykiatriske sjukehustenester for vaksne. Eininga har 66 tilsette og held til i Sunnfjord kommune. Poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette, og er lokalisert i moderne lokale i Førde saman med Psykiatrisk klinikk, som har om lag 200 årsverk totalt. Det er eit aktivt forskingsmiljø med fleire pågåande doktorgradsprosjekt knytt til psykisk helse og behandling.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 21. juni 2026.

Om stillingen

DPS dag er ein poliklinikk som gir distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Dei tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk og har fleire tilsette i pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Poliklinikken er loklisert i både Førde og Florø.

Mars 2021 flytta Psykiatrisk klinikk inn i nytt moderne bygg i Førde der vi har 4 sengepostar med samla 41 sengeplassar og poliklinikk. Vi er samlokalisert med Førde BUP. DPS dag tilbyr ei rekke ulike terapiformer som t.d. eMeistring, MBT-I/G, B4DT. DPS dag jobbar og med å opprette eit FACT team. Vi har òg eit oppsøkande team som jobbar medpsykoselidingar. Ein ynskjer å legge tilrette for at søkjar med interesse for eit av dei nemde felta får arbeidsoppgåver innanfor dette.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har ca 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.

Nyttig info ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av pasientar i poliklinikk.
  • Delta og bidra i tverrfagleg team
  • Samhandle og veiledning til kommunar og andre samarbeidspartnere
  • Veiledning og undervisning innad i organisasjonen ved behov

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus
  • Ønskjeleg med videreutdanning i ei terapiretning, særleg kognitiv terapi og kognitiv terapi for spiseforstyrrelsar
  • Lang relevant klinisk erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning
  • Minimum to års klinisk erfaring frå arbeid med psykisk helse og/eller rus
  • Forståing av systemet rundt pasienten og kjennskap til arbeidsoppgåver innan 1. og 2. lineteneste
  • Norskkunnskapar: God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Rettleiing
  • IA bedrift

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 707

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2 6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5131646131 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.06.2026

Lignende stillinger

Tilkallingsvikarer
Miljøarbeidertjenesten, Bamble kommune
AnnetDeltid5 stillingerHelse og sosial
Frist 27.9.2026
Vernepleier til bolig i Akershus
Konstali Helsenor As · AKERSHUS

Konstali Helsenor søker vernepleier til heltids vikariat i bolig i Akershus, oppstart 21. september.

VikariatHeltidHelse og sosial
Frist 14.9.2026
Sykepleier til sykehjem i Troms
Konstali Helsenor As · TROMS

Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Troms, heltid med oppstart 14. sept. 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Frist 13.9.2026