Organist - 60 % fast stilling
Vang Kyrkjeleg Fellesråd · Vang, Innlandet
AI-sammendrag
Om stillingen
Vang kyrkjelege fellesråd søker organist i 60 % fast stilling. Organisten samarbeider tett med sokneprest og øvrig stab om planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar, trusopplæring, samarbeid mellom kyrkje og skule, samt tilrettelegging for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid. Stillinga inneber òg koordineringsansvar for kulturelle arrangement og utarbeiding av kyrkjemusikalsk plan. Det krevst relevant kyrkjemusikalsk utdanning, medlemskap i Den norske kyrkje, førarkort klasse B og eigen bil. Kvelds- og helgearbeid inngår. Arbeidsstad er Vang i Valdres, Innlandet.
Om arbeidsgjevaren
Arbeidsgjevar er eit kyrkjeleg fellesråd, ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning innanfor bransjen aktivitetar i religiøse organisasjonar. Verksemda har 40 tilsette og høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedøme, med fire sokn og seks kyrkjer.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 4. oktober 2026. Kvalifiserte søkjarar vil bli kalla inn til intervju og prøvespel.
Om stillingen
Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang? Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, og godt arbeidsfellesskap. Organisten går inn i eit nært samarbeid med soknepresten og den øvrige staben.
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og øvrige kyrkjelege handlingar
- Samarbeid om trusopplæringa
- Samarbeid mellom kyrkja og skula i Vang
- Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid
- Koordineringsansvar for kulturelle arrangement i kyrkja, utleiekontraktar og anna organisering rundt dette
- Utarbeiding av kyrkjemusikalsk plan
- Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle arbeidsoppgåver ved arbeidsfellesskapet
Ynskja kvalifikasjonar
- Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring
- Me ynskjer oss ein organist som kan inspirere til song- og kyrkjemusikalsk aktivitet i kyrkjelydane
- Gode musikalske kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Du har initiativ og gjennomføringskraft
- Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig
- Du har evne til å motivere, inkludere og se frivillige som en viktig ressurs
- Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
Særskilte krav
- Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tjenesten i samsvar med Den norske kyrkjes ordninger, grunnverdier og visjoner
- Du må ha førarkort klasse B og disponere egen bil
- I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid
- Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd
- Du må beherske norsk muntlig og skriftlig, samt ha grunnleggende kunnskap om dataverktøy
Me kan tilby
- Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
- Eit godt arbeidsfellesskap
- Løn etter KA’s tariffavtale
- Medlemskap i KLP pensjonsordning
- 6 månaders prøvetid
Spesielle vedtak
- Teieplikt etter gjeldande reglar
- Personleg eignaheit blir vektlagt
- Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøvespel.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no
Kristin Bakke Lajord, Fellesrådsleiar, mobil 911 58 656
Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter innan 4.oktober 2026.
Om oss
Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedømme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Me har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid. Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer og ei økumenisk fjellkyrkje.
Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, kontormedarbeidar, kyrkjegardsarbeidar, organist og kyrkjelydsarbeider. I tillegg har me kyrkjetenarar, klokkarar og reinhaldarar tilknytta kyrkjene.
Vang kommune – ei flott kommune å bu i:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!)
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for ein kvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn.
I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du på nettsida; vangivaldres.no
- Meir info om arbeids - og bumarkedet i Valdres finn du på nettsida; valdres.no/velgvaldres
Kontaktinformasjon
Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, 90242171, sh466@kirken.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5171 2975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang kyrkjeleg fellesråd Referansenr.: 5174797523 Stillingsprosent: 60% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026