Brattvåg barneskule i Haram søker 2 tilkallingsvikarar (lærar/assistent) til skule og SFO for skuleåret 2026/2027.
Barne- og ungdomsarbeidar
Brattvåg Barneskule, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Brattvåg barneskule søkjer ein barne- og ungdomsarbeidar til ei fast stilling i 80% deltid, med snarleg oppstart (7. september 2026). Arbeidsoppgåvene omfattar omsorg og oppfølging av elevar i skulekvardagen og på SFO, sosialt samspel mellom elevar, og oppfølging av individuelle planar. Arbeidsstad er Brattvåg i Haram kommune, Møre og Romsdal.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Brattvåg barneskule, ein 1.–7.-skule med i underkant av 200 elevar, driven av Haram kommune innanfor kommunalområdet barnehage og skule. Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg sidan 2017, nyttar nynorsk i opplæringa og har innført leik og læring på dei yngste trinna samt uteskule éin dag i veka. Som kommunal verksemd tilbyr arbeidsgjevaren løn etter tariff og pensjonsordning gjennom KLP.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 20. september 2026.
Om stillingen
Brattvåg barneskule får ledig ei fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar, med snarleg oppstart. Stillinga kan justerast. Vi søkjer ein motivert og engasjert tilsett som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegie og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø. Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har i underkant av 200 elevar frå mange ulike nasjonar. Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen. Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg og vere ein trygg omsorgsperson.
- Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i skulekvardagen deira og på SFO.
- Bidra til at kvart enkelt barn opplever positiv oppfølging.
- Ha fokus på det sosiale samspelet mellom elevane og bidra til ei positiv utvikling.
- Følgje opp planar og rutinar til kvart enkelt barn.
Kvalifikasjonar
- Ha gode relasjonelle eigenskapar
- Søkjarar må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med fleirspråklege barn, men ikkje eit krav.
- Må kunne takle raske og utfordrande situasjonar.
- Ønskjeleg med erfaring med barn med ulike diagnosar og utfordringar, positivt med kjennskap til ASK.
- Den som vert tilsett må leggje fram tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein ansvarsfull vaksen med fokus på kvart enkelt barn og grupper.
- Ha fokus på relasjonsbygging og vere bevisst at du som vaksen skal vere ein god rollemodell.
- Gode omsorgsevner
- Kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag.
- Du må vere løysingsorientert, punktleg, påliteleg, fleksibel og ha gode samarbeidsevner.
- Du må trivast både med ute- og inneaktivitetar.
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, og ikkje minst flotte elevar.
- Opplæring vil bli gitt.
- Løn i følgje tariff.
- Pensjonsordning gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Skulesvingen 6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5168557180 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 07.09.2026 Søknadsfrist: 20.09.2026
Flere stillinger hos Brattvåg Barneskule, Haram Kommune
Lignende stillinger
Lykta i Bodø søker 5 spesialiserte fosterhjem i Nordland, heltid.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Preg barnehager Vatne i Haram søker vikar i 60 % stilling som assistent/fagarbeidar ut 2026.
Brattvåg Barnehage i Haram søker tilkallingsvikar i deltid til vikariat i barnehagen.