Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Tilkallingsvikarar

Brattvåg Barneskule, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal

VikariatDeltid2 stillingerOffentligUtdanningFrist 1.6.2027

AI-sammendrag

Om stillingen

Brattvåg barneskule søker 2 tilkallingsvikarar til skuleåret 2026/2027, med oppstart 17. august 2026 og sluttdato 18. juni 2027. Stillingane er vikariat på deltid, og det søkast etter vikarar både som lærar og som assistent i skule og SFO. Arbeidsstad er Brattvåg i Haram kommune, Møre og Romsdal.

Hovedoppgåvene inkluderer undervisning (for lærarstilling), omsorg og oppfølging av enkeltelevar, deltaking i daglege aktivitetar og samarbeid mellom skule og heim. Skulen nyttar nynorsk i opplæringa.

Om arbeidsgivaren

Brattvåg barneskule er ein 1–7-skule med over 200 elevar frå mange nasjonar, og er ei undereining av Haram kommune. Skulen har 52 tilsette og tilhøyrer bransjen ordinær grunnskoleundervisning. Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg sidan 2017 og har innført særskilte pedagogiske tilnærmingar som leik og læring for dei yngste trinna og uteskule ein dag i veka for alle trinn.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 1. juni 2027.

Om stillingen

Vi søker tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/2027. Skriv i søknaden kva som kan vere aktuelt. Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har over 200 elevar frå mange ulike nasjonar. Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen. Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna. I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida. I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning (lærarstilling).
  • Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn.
  • Gje barn positiv oppfølging og støtte.
  • Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i kvardagen.
  • Bidra til tett og godt samarbeid mellom skule og heim.
  • Følge opp enkeltelevar etter behov, både fagleg og sosialt.

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse og/eller relevant fagkompetanse for lærarstilling.
  • Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage er positivt.
  • Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
  • God digital kompetanse.
  • Tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein god rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn.
  • Ha god relasjonskompetanse.
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
  • Vi søker deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trivst i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar.

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø.
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar.
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Unni N Krogsæter, Tenesteleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no

Arbeidssted

Skulesvingen 6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5144659648 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 01.06.2027

Søk på jobben
Søk senest 1.6.2027
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning