Vaksdal kommune søker helsesekretær i fast heltidsstilling ved Fastlegekontoret på Dale i Vaksdal.
Fysioterapeut
Vaksdal Kommune · Vaksdal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Vaksdal kommune søker ein kommunefysioterapeut i 100 % fast stilling, organisert under avdeling for Tverrfagleg helse. Arbeidsstad er fordelt mellom Vaksdal og Dale. Stillinga omfattar individuell oppfølging av pasientar i alle aldrar, rehabilitering i heim og institusjon, førebyggjande arbeid i samarbeid med helsestasjon, rettleiing av pårørande og helsepersonell, samt deltaking i tverrfaglege team. Det er òg noko systemretta arbeid knytt til faglege rutinar. Krav om norsk autorisasjon som fysioterapeut, førarkort klasse B og gyldig politiattest.
Om arbeidsgivaren
Vaksdal kommune er ein offentleg forvaltningseining i Vestland fylke med 55 tilsette i sentraladministrasjonen. Kommunen har i dag eitt kommunalt fysioterapiårsverk og tre sjølvstendige fysioterapeutar med driftsavtale. Den som vert tilsett går inn i eit etablert tverrfagleg helse- og omsorgsmiljø med samarbeid både mot kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 9. august 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Vaksdal kommune søker ein engasjert og fagleg trygg kommunefysioterapeut i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert under avdeling for Tverrfagleg helse og har ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med førebygging, rehabilitering og helsefremming. Du vil ha kontorplass både på Vaksdal og på Dale.
Kommunen har i dag eitt årsverk som kommunal fysioterapeut, i tillegg til 3 sjølvstendige fysioterapeutar med kommunal driftsavtale. Som kommunal fysioterapeut vert du ein del av eit tverrfagleg miljø med tett samarbeid på tvers av helse- og omsorgstenesta, både innan kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Stillinga byr på varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver innan folkehelsearbeid og helsefremjande innsats, utgreiing, rehabilitering, behandling og oppfølging av brukarar i ulike livsfasar og i alle aldrar. Du vil ha høve til å påverke utviklinga av den kommunale fysioterapitenesta og bidra til å sikre gode og heilskaplege tenester for innbyggjarane.
Vi ser etter deg som er initiativrik, sjølvstendig og samarbeidsorientert, og som ønsker å bidra til vidareutvikling av eit viktig fagområde i kommunen.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd og for øvrig skjer tilsettinga på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av pasientar, både barn, unge og vaksne
- Kartlegging, vurdering og oppfølging av funksjonsnivå og rehabiliteringsbehov
- Rehabilitering og oppfølging av brukarar både i heimen og i institusjon
- Rettleiing og samarbeid med pårørande, helsepersonell og andre samarbeidspartnarar
- Interkommunalt og regionalt samarbeid
- Andre kjerneoppgåver knytt til klinisk arbeid og oppfølging av brukarar
- Bidra i tverrfaglege team og koordinerande arbeid rundt brukarar med samansette behov
- Tidleg innsats og førebyggjande arbeid i samarbeid med helsestasjon
- Noko systemretta arbeid knytt til vedlikhold av faglege rutiner må påreknast
- Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
- Gode munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Erfaring frå arbeid som fysioterapeut i kommunehelsetenesta er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Du er god på kommunikasjon og relasjonsbygging
- Du er påliteleg, fleksibel og har god samarbeidsevne
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du jobbar godt sjølvstendig under press og har god prioriteringskompetanse
- Du tek del i utviklingsarbeidet og held deg fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Flere stillinger hos Vaksdal Kommune
Lignende stillinger
Roskilde Orto-Teknik ApS i Danmark søker 4 tanntekniker på heltid, fast ansettelse ved moderne ortodontisk laboratorium.
Alliansen AS søker 15 miljøarbeidere i vikariat på heltid i Akershus, med turnus innen rus- og atferdsarbeid.
Alliansen AS søker 10 sosionomer/miljøterapeuter til heltidsvikariater i Akershus, turnus med medlever.
Alliansen Bemanning søker 8 barnevernspedagoger til vikariat på heltid i Akershus, med medleverturnus innen rus og atferd.
Dignus Medical (KLETOR AS) søker 5 fastlønnet allmennleger på heltid til primærhelsesentre i Nord-Sverige.
Dignus Medical (KLETOR AS) søker 5 EU-sertifiserte fastlegespesialister til faste heltidsstillinger i Sverige.