SIL/Stord kommune søker sjukepleiar til fast 70 % nattstilling ved legevakt og døgnavdeling.
ID 2470 Helsefagarbeidarar - Eining for institusjonar
Stord Kommune · Stord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Stord kommune søker 3 faste 100%-stillingar som autorisert helsefagarbeidar ved Eining for institusjon, med arbeidsstad i Stord. Stillingane er ledige frå snarast, og turnusen er anten 2-delt dag/kveld med kvar 3. helg, eller langvaktsturnus på 13,5 timar med kvar 4. helg. Arbeidet er ved Stord sjukeheim (117 plassar, 6 avdelingar) eller Knutsaåsen omsorgssenter (46 plassar, 2 avdelingar). Oppgåvene omfattar tverrfagleg samarbeid, målretta miljøarbeid, tilrettelegging for kvardagsmeistring, dokumentasjon, palliativ behandling og legemiddelhandtering. Krav er autorisasjon som helsefagarbeidar og gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Stord kommune heimebaserte tenester, område sentrum, ei underining innan sjukepleietenester og andre helsetenester i heimen, som del av offentleg forvaltning. Verksemda har 255 tilsette, og er dermed ein stor arbeidsgjevar innan kommunal helse- og omsorgsteneste.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 6. september 2026.
Om stillingen
Eining for institusjon har to bygg, Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar i tillegg til dagtilbod og Knutsaåsen omsorgssenter 46 plassar fordelt på 2 avdelingar.
Me har ledig 3 faste 100% stillingar for autorisert helsefagarbeidar, frå snarast.
Stillingane er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg.
Som helsefagarbeidar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonane no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som helsefagarbeidar vil få ei viktig rolle inn i dette arbeidet.
Arbeids- og ansvarsområde:
I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:
- samhandling og tverrfagleg samarbeid
- målretta miljøarbeid
- tilrettelegging for kvardagsmeistring
- tiltak, evaluering og dokumentering
- å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
- palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
- legemiddelhandtering, (må gjennomgå opplæring, kurs og passeringstest for å delta i dette)
- fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
- å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre
- Relevant fagskuleutdanning vil vere ein fordel.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Politiattest:
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Flere stillinger hos Stord Kommune
Stord kommune søker 4 sjukepleiarar/vernepleiarar i fast heiltidsstilling ved sjukeheim og omsorgssenter.
Stord kommune søker sjukepleiar/miljøterapeut i fast 100%-stilling innan psykisk helse og rus.
Stord kommune søker én badevakt i fast 24 % deltidsstilling ved Eining for kultur, med søknadsfrist 30. august 2026.
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.
Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til heltids vikariat i Nordland.
Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid for oppdrag i Vestland.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid i Troms.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til heltids vikariat i Agder.