Sunnhordland interkommunale legevakt IKS søker daglig leder i fast heltidsstilling på Stord.
ID 2471 Sjukepleiarar/vernepleiarar - Eining for institusjonar
Stord Kommune · Stord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Stord kommune søker 4 faste sjukepleiarar/vernepleiarar til Eining for institusjon, som omfattar Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter. Stillingane er på heiltid og gjeld frå snarast. Arbeidet skjer i turnus, anten todelt turnus dag/kveld med kvar 3. helg, eller langvaktturnus med 13,5-timars vakter og kvar 4. helg. Oppgåvene omfattar tverrfagleg samhandling, tiltak og dokumentasjon, samarbeid med lege og spesialisthelsetenesta, palliativ behandling og legemiddelhandsaming. Arbeidsstad er Stord.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Stord kommune sine heimebaserte tenester i området sentrum, ei undereining i offentleg forvaltning innan sjukepleietenester og andre helsetenester i heimen. Verksemda har 255 tilsette, noko som tilseier ei stor og veletablert eining i den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 6. september 2026.
Om stillingen
Eining for institusjon har to bygg, Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar i tillegg til dagtilbod og Knutsaåsen omsorgssenter 46 plassar fordelt på 2 avdelingar. Eininga her ledige stillingar på begge hus.
Eining for institusjon har fleire faste 100% stillingar for autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, frå snarast.
Stillingane er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg.
Som sjukepleiar eller vernepleiar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonane no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane.
Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar/vernepleiar vil få ei viktig rolle inn i dette arbeidet. Dette inkluderer å sjå på løysningar som sjukepleiarteam.
Du vil få ta del i og ha ansvar for
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid
- Tiltak, evaluering og dokumentering
- Fagprosedyrar, ansvarsoppgåver som sjukepleiar eller vernepleiar, tett samarbeid med lege og spesialisthelsetenesta
- Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
- Legemiddelhandsaming
- Delta i fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
- Faste møter og fellesskap med resten av sjukepleiar- og vernepleiargruppa i eininga
- Bidra fagleg inn i tilsettgruppa og kunna vegleia kollegaer og andre i faglege vurderingar og oppgåver
Me vil vektlegga
- Personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.
- Brukarorientert tilnærming
- Evne til å vera nyskapande i arbeidet
- Gjerne erfaring frå arbeid innan geriatri
Kvalifikasjonskrav:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Politiattest:
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Flere stillinger hos Stord Kommune
Stord kommune søker 2 sjukepleiarar til faste 75 %-nattstillingar ved sjukeheim/omsorgssenter.
Stord kommune søkjer vikar i 100 % stilling som fysioterapeut fra 2027, med søknadsfrist 11. oktober 2026.
Stord kommune søker vikar i 100% stilling som kontaktperson i barnevernstenesta SIB.
Stord kommune søker rådgjevar innan landbruk, skog og vilt til fast heltidsstilling i Leirvik.
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.
Konstali Helsenor søker sykepleier til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Møre og Romsdal, med oppstart i oktober 2026.
Konstali Helsenor, vikarbyrå i Oslo, søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat i hjemmetjenesten i Trøndelag, oppstart 10. oktober 2026.
Region Värmland søker sykepleier til fast heltidsstilling ved den psykiatriske mottagelsen i Arvika, med frist 9. oktober 2026.