Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Assistent/Reinhaldsoperatør

Drift- /teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland

FastHeltid3 stillingerOffentligSalg og serviceFrist om 6 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Bergen HF søker medarbeidarar til reinhaldsteneste ved seksjon 1 i Hospitaldrift Reinhald, med arbeidsstad i Haukelandsområdet, Bergen. Det er 3 ledige stillingar: 1 fast stilling og 2 vikariat frå snarast til 30.11.2026, med moglegheit for forlenging, alle på heiltid. Arbeidsoppgåvene omfattar regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver. Arbeidstida varierer mellom dagvakt og mellomvakt, med arbeid kvar 4. helg. Det er ikkje krav om fagbrev, men søkarar med fagbrev og praktisk erfaring frå reinhaldsfaget er ønska.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Hospitaldrift Reinhald, ei eining under Drift-/teknisk divisjon i Helse Bergen HF (Haukeland universitetssjukehus). Verksemda er ein underavdeling til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan somatiske sjukehustenester, og er ein svært stor arbeidsgjevar med 9461 tilsette totalt i føretaket. Reinhaldseininga åleine har om lag 350 tilsette fordelt på åtte seksjonar, og Hospitaldrift som heilskap har om lag 750 medarbeidarar.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 2. september 2026.

Om stillingen

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar.

Hospitaldrift Reinhald er ei av desse einingane. Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Helse Bergen har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette.

Ved seksjon 1 har vi ledig 1x100% fast stilling og 2x100% vikariat frå snarast til 30.11.2026 med mogleg forlenging. Arbeidsstad vil vere i Haukelandsområdet*/.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil bestå av regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
  • Arbeidstida i den faste stillinga per dags dato vil vere kl. 12.00–20.00, med arbeid kvar 4. helg
  • Arbeidstida i vikariatstillingar per dags dato kan variere mellom dagvakt (kl. 07.00–15.00) og mellomvakt (kl. 12.00–20.00), med arbeid kvar 4. helg

Kvalifikasjonar

  • Vi søker personar med praktisk erfaring fra reinhaldsfaget
  • Må kunne bruke IKT-verktøy
  • Må ha evne til å se samanhengen mellom forbruk og økonomi
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • Det er ikkje krav om fagbrev, men søkarar med fagbrev er av særleg interesse

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt
  • Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team
  • Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • God fysisk helse til å kunne jobbe med eit fysisk arbeid

Vi tilbyr

  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø :-)
  • Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Grete Romfo, Seksjonsleiar, 55 97 21 01

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22 5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5168509818 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 02.09.2026

Søk på jobben
Søk senest 2.9.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Drift- /teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF

Lignende stillinger

Renholder og servicemedarbeider
Service Master As · ROGALAND

Service Master AS i Sandnes søker 2 renholdere/servicemedarbeidere på deltid, vikariat.

VikariatDeltid2 stillingerSalg og service
Frist 16.9.2026