LIS i Nevrologi. 3 vikariat med oppstart september/november
Nevrologisk Avdeling, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Bergen HF søker 3 legar i spesialisering (LIS 2/3) til Nevrologisk avdeling i Bergen. Stillingane er vikariat på heiltid: 2 vikariat frå 1. september 2026 og ut februar 2027, samt 1 årsvikariat frå 1. november 2026, med gode høve for forlenging. Arbeidsoppgåvene omfattar vurdering og oppfølging av pasientar i vakt og på sengepost, poliklinisk vurdering under supervisjon, tverrfagleg samarbeid, undervisning for legestudentar og involvering i forbetringsarbeid. Avdelinga er del av Nevroklinikken, som òg omfattar Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, og tilbyr full spesialistutdanning i nevrologi samt moglegheit for å kombinere klinisk arbeid med forskarutdanning fram mot PhD.
Om arbeidsgjevaren
Helse Bergen HF er eit helseføretak som driv sjukehusdrift, med Nevrologisk avdeling som ein del av Nevroklinikken. Avdelinga har eit nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor mellom anna nevrodegenerative sjukdomar, MS, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi, og har frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt med delte dag- og nattevakter i 17 vekers turnus.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 9. september 2026.
Annonsetekst
Vi har opningar på Nevrologisk avdeling, grip du sjansen for å vere med på "Hjernelaget"? Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt? Sjekk Nevropodden på Spotify! Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter i 17 vekers turnus.
Nevrologisk avdeling har på grunn av uventa endringer ledig 2 vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi frå 1. september eller etter avtale, med varigheit ut februar 2027, med gode høve for forlenging. I tillegg lyser vi ut 1 årsvikariat frå 1. november eller etter avtale.
Vikariat som LIS 2/3 gir som regel gode høve til forlenging og kan føre fram til spesialisering i Nevrologi. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innanfor nevrologien, er det god anledning for fordjuping undervegs i spesialiseringa. Lenke til utdanningsplan Nevrologi HUS
Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning fram mot PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes nevrodegenerative sjukdomar og MS, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi.
Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.
Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering og oppfølging av pasientar i vakt og på sengepost
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på avdelinga
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- LIS deltar i poliklinisk vurdering av pasientar under supervisjon
- Deltaking i internundervisning og praktisk undervisning for legestudentar
- Involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrologi
- For vikariat kan Cand.med. med norsk autoriasjon, som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og bli vurdert dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar
- Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring og fagleg motivasjon
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Petter Schandl Sanaker, Avdelingsjef, 55975045, petter.schandl.sanaker@helse-bergen.no Andreas Brakvatne Vetaas, YLF-tillitsvalgt, andreas.brakvatne.vetas@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22 5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5170826270 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 09.09.2026
Flere stillinger hos Nevrologisk Avdeling, Helse Bergen HF
Helse Bergen HF (Haukeland universitetssjukehus) søker 5 reinhaldsoperatørar i heltids vikariat i Bergen, med turnus dag/kveld/helg.
Helse Bergen (Haukeland) søker 1 assisterande seksjonsleiar i medisinsk biokjemi på heltid, fast ansettelse, i Bergen.
Helse Bergen (RAK) søker 1 ph.d.-stipendiat til GOAT-studien i Bergen, heltid, 3 års engasjement for LIS-3 eller spesialist i rusmedisin.
Helse Bergen HF (Haukeland) søker overlege i hud- og veneriske sykdommer, fast heltid i Bergen. Frist 4. desember 2026.
API og MCPGET /company/974557746/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974557746/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 28,
"hits": [
{
"uuid": "d3ecda66-f984-488a-99b0-d54ce92753d0",
"title": "Medarbeidar i preste- og samtaletenesta",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2027-01-03 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "1552671a-07b8-41e4-8e5e-ea735eb4b9aa",
"title": "Reinhaldsoperatør/Reinhaldar",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974557746" })Spør AI-assistenten
Hvilke typer roller ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus i akkurat nå?
Hvilke andre stillinger lyser Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus ut nå?
Hva er søknadsfristen for «LIS i Nevrologi. 3 vikariat med oppstart september/november » hos Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.