Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

Analytikar

Møre Og Romsdal Politidistrikt · Ålesund, Møre Og Romsdal

FastHeltidOffentligKontor og økonomi
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Møre Og Romsdal Politidistrikt.

AI-sammendrag

Om stillingen

Møre og Romsdal politidistrikt søker analytikar i fast stilling på heltid til seksjon for etterretning og analyse i Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking. Arbeidsstad er Ålesund. Rolla inngår i ei nasjonal satsing mot narkotikarelatert kriminalitet, med tett samarbeid med Tolletaten, Kripos, andre politidistrikt og internasjonale partnarar. Hovudoppgåver er å innhente, behandle og analysere informasjon frå ulike kjelder, identifisere aktørar, nettverk og smuglingsmetodar, og utarbeide etterretningsprodukt som gir avgjerdsstøtte for prioritering av innsats. Det må reknast med noko reisearbeid, og stillinga krev sikkerheitsklarering på nivå HEMMELEG.

Om arbeidsgjevaren

Møre og Romsdal politidistrikt er ein del av det norske politiet og har samfunnsoppdraget å førebyggje og nedkjempe kriminalitet og vareta rettstryggleiken. Stillinga ligg i ei nasjonal satsing der politiet samarbeider tett med Tolletaten om innsats mot grensekryssande og organisert narkotikakriminalitet.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 17. september 2026.

Om stillingen

Om stillinga

Politiet styrkjer etterretningsinnsatsen mot narkotikarelatert kriminalitet og søkjer analytikar til å inngå i ei nasjonal satsing. Narkotikakriminaliteten er i stor grad grensekryssande og organisert. Kriminelle nettverk opererer på tvers av politidistrikt og landegrenser og nyttar stadig nye metodar, transportformer og digitale løysingar. Effektiv nedkjemping krev derfor at informasjon frå ulike kjelder og etatar blir innhenta og sett i samanheng.

Som analytikar vil du bidra til at relevant informasjon blir innhenta og omsett til kunnskap slik at politiet og Tolletaten får eit betre felles kunnskapsgrunnlag for meir målretta førebygging, kontroll, etterretning og kriminalitetsnedkjemping. Analysane skal bidra til å identifisere aktørar, nettverk, kriminalitetsmønster, transport- og smuglingsmetodar, geografiske knutepunkt og utviklingstrekk, og gi avgjerdsstøtte for prioritering av innsats og verkemiddel.

Stillinga ligg til seksjon for etterretning og analyse i Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, i Møre og Romsdal politidistrikt. Du vil inngå som fast medlem i eit godt og kompetent fagmiljø med både sivil- og politikompetanse innanfor eit spennande og utfordrande fag.

Stillinga skal, i samarbeid med seksjonen, inngå i eit tett og systematisk samarbeid med Tolletaten, andre politidistrikt, Kripos og nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Du må pårekne noko reiseverksemd.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er analytisk, sjølvstendig og strukturert, og ønskjer å jobbe med kriminalitetsnedkjemping. Du kan innhente, samanstille og analysere data for å skape økt innsikt. Du kommuniserer klart og tydeleg, samarbeider godt på tvers av fagmiljø og har høg etisk integritet.

Ulike utdannings- og erfaringsbakgrunnar kan vere relevante for oss. Fagspesifikk opplæring knytt til politiet og toll si verksemd vil bli gitt.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Arbeidsoppgåver

  • i samarbeid med Tolletaten, etablere lokale nettverk med private aktørar og byggje strukturar for informasjonsdeling og informasjonsinnhenting
  • innhente, behandle, strukturere, samanstille, analysere og tolke informasjon frå relevante kjelder innanfor gjeldande regelverk
  • utarbeide etterretningsprodukt som gir avgjerdsstøtte på fleire nivå og bidreg til prioritering og målretting av innsatsen
  • identifisere kapasitetar og sårbarheiter, og andre forhold som er viktige for politiet og Tolletaten sin innsats
  • formidle analysar og faglege vurderingar til operative miljø, etterforsking og leiing, og bidra til eit oppdatert situasjons- og etterretningsbilete på tvers av politidistrikt og etatar
  • bidra til å identifisere kunnskapshol og utvikle informasjons- og etterretningsbehov
  • samarbeide med relevante fagmiljø i politiet, Tolletaten og andre nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • utføre andre arbeidsoppgåver etter behov

Arbeidsoppgåvene vil kunne utviklast i takt med kriminalitetsbiletet og vidareutviklinga av samarbeidet mellom politiet og Tolletaten.

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • relevant bachelorgrad frå universitet eller høgskule, til dømes innan politi, toll, samfunnsvitskap, statsvitskap, kriminologi, økonomi, teknologi/dataanalyse, etterretning eller anna relevant utdanning. Særskilt relevant erfaring kan vurderast å kompensere for utdanningskravet.
  • relevant erfaring med å innhente, behandle, samanstille, analysere og formidle informasjon
  • gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk
  • gode engelskkunnskapar
  • gode digitale ferdigheiter
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
  • må kunne bli klarert som HEMMELEG, jamfør sikkerhetsloven

Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå innsats mot organisert kriminalitet, kriminelle nettverk og/eller narkotikakriminalitet
  • erfaring frå arbeid knytt til grensekryssande kriminalitet, vareførsel, logistikk eller transport
  • erfaring med informasjons- og/eller tiltakskoordinering
  • erfaring med analyse av nettverk, geografiske data, større datamengder, etterretningsanalyse, relevante analyseverktøy, visualisering av data
  • vidareutdanning innan etterretning, etterretningsanalyse eller analysemetodikk

Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du

  • har gode evner til å byggje tillit og nettverk gjennom å vere utadretta, dele kunnskap og arbeide konstruktivt på tvers av etatar, fagmiljø og profesjonar
  • har analytiske evner
  • er strukturert og kvalitetsbevisst
  • er sjølvstendig, tar ansvar for framdrift og finn løysingar
  • evne til å levere under tidspress og omstille deg raskt

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei sentral rolle i ei nasjonal satsing mot narkotikarelatert kriminalitet
  • moglegheit til å vere med på å vidareutvikle samarbeidet mellom politiet og Tolletaten
  • arbeid med komplekse problemstillingar av stor betyding for samfunnstryggleiken
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetansebygging
  • samarbeid med relevante fagmiljø lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • fast stilling som rådgjevar, stillingskode 1434, med årslønn frå kr. 680 000. For særskilt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode 1364 seniorrådgjevar med brutto årslønn frå kr. 730 000 bli vurdert.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
  • moglegheit for noko heimekontor i tråd med gjeldande retningslinjer og etter nærare avtale med leiar

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Flere stillinger hos Møre Og Romsdal Politidistrikt

Lignende stillinger