Norsk Trafikksikring søker 5 trafikkdirigenter/skiltarbeidere på deltid til Oslo/Østlandet.
Dataetterforskar
Møre Og Romsdal Politidistrikt · Ålesund, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Møre og Romsdal politidistrikt søker en dataetterforskar til Avsnitt for digitalt politiarbeid, som utfører datatekniske undersøkingar og digital sporsikring i straffesaker. Stillinga er fast, på heltid, med 1 ledig stilling, og arbeidsstad er Ålesund. Arbeidsoppgåvene omfattar sikring, analyse og tilrettelegging av digitale spor frå ulike lagringsmedium, bruk av internett som etterforskingsarena, bistand til andre einingar, samt opplæring og kompetansedeling innan fagfeltet. Det er tett samarbeid med nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) hos Kripos. Søkjarar må ha fullført politi(høg)skule, gode IT-kunnskapar og NCFI nivå 1 og 2A innan digital forensics, eller vere villig til å ta dette etter tiltreding. Plettfri vandel og skikkathet for polititeneste er eit krav, og utvida politiattest må leggjast fram før eventuell tilsetjing.
Om arbeidsgiveren
Stillinga er knytt til Politiets Fellestjenester Ålesund politistasjon, ei underending til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan aktivitetar utført av politi- og påtalemyndigheit, med forretningskommune Ålesund. Som ein del av politiet inngår rolla i eit større fagmiljø med spesialistar med både politi- og sivil bakgrunn, og verksemda er ein offentleg aktør utan kommersielt rekneskap å vise til.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 29. september 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Vi søkjer deg med politibakgrunn som ønskjer å bidra innan datatekniske undersøkingar og digital sporsikring. Kriminaliteten i dag er like mykje til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell, og som kan tenke seg å inngå i eit kreativt og høgt kompetent fagmiljø av spesialistar med både politi- og sivil bakgrunn i Møre og Romsdal politidistrikt.
Avsnitt for digitalt politiarbeid har som primæroppgåve å utføre datatekniske undersøkingar for politiet i samband med straffesaker, samt å gjennomføre avansert innsamling, analyse og dokumentasjon av digitale spor i heile Møre og Romsdal. Som ein del av avsnittet vil du gjennom å bruke di digitale kompetanse vere med på å etterforske alvorlege straffesaker.
Vi har eit tett samarbeid med nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) på KRIPOS, og deltar også inn i nasjonale og regionale fagfora. Stillinga er stadsplassert i Ålesund, og er underlagt felles eining for etterforsking, førebygging og etterretning (FEFE). Noko reiseverksemd må påreknast.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er interessert i å møte teknologiske utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Du opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere nærverande, lydhøyr og å byggje tillit er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- sikring, analyse og tilrettelegging av digitale spor frå ulike lagringsmedier og sporstadar
- bruk av internett som etterforskningsarena
- halde deg oppdatert innanfor fagfeltet gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar
- yte bistand til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt
- opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt
- vere ein ressursperson og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet
- andre oppgåver kan bli pålagt
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført og bestått politi(høg)skule
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- gode IT-kunnskapar
- studia NCFI nivå 1 og 2A innan digital forensics ved Politihøgskolen, eller pårekne å måtte gjennomføre dette etter tiltreding i stillinga
- plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.
Det er også ønskjeleg med
- fleire NCFI-studium ved Politihøgskolen
- erfaring med sikring og analyse av digitale spor
- fagbrev eller høgare utdanning innan IT
- dataverktøykurs - digital forensics som Cellebrite, Axiom mv.
- erfaring med bruk av analyseverktøy som X-ways Forensics, Cellebrite mv.
- erfaring frå etterforsking
- erfaring med Linux, MacIntosh og Windows
- kunnskap innan operativ- og filsystemer, nettverks- og/eller trådlausteknologi, utsortering av beslagsfritt materiale, sikring av data fra skytjenester, dataanalyse, kryptering, virtualisering og kryptovaluta
For å kvalifisere til stilling som politioverbetjent/spesialist, må du ha
- tre års erfaring innan fagområdet datatekniske undersøkingar
- studia NCFI 1 og 2A. Anna relevant utdanning innan IT eller lang relevant erfaring kan kompansere for kravet.
Personlege eigenskapar
- nysgjerrig på ny teknologi
- løysings- og utviklingsorientert
- initiativrik
- evne til å jobbe sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- omgjengeleg og ein god relasjonsbyggar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- eit levande tekmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
- fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter:politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
- politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
- politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
politioverbetjent (stillingskode 0287), frå kr. 700 000 til kr. 780 000 brutto per år ved innfridde kvalifikasjonskrav for politioverbetjentgodtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak, for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell beredskapstenestemedlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse. gode arbeidsvilkår som dagtidsarbeid, fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstidatilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Lignende stillinger
Avarn Security Service i Tromsø søker 10 trafikkdirigenter/servicemedarbeidere til sesongarbeid i Nord-Norge.
VaktSec i Oslo søker 70 ordensvakter på deltid, fast ansettelse.
Keysec AS søker 2 vaktledere på heltid, fast ansettelse, til Flytogets lokasjoner ved Gardermoen og Oslo S.
Møre og Romsdal politidistrikt søker 2 etterforskarar i fast heiltidsstilling ved Ålesund politistasjon.
PSS Securitas i Ålesund søker 6 ordensvektere/vektere på heltid til kvelds- og nattarbeid i utelivsbransjen.