Kaffiløysing for Heradshuset, biblioteket og andre lokasjonar
Beskrivelse fra kunngjøringen
Bakgrunn
Gloppen kommune har behov for ei ny kaffiløysing for tilsette og besøkande. Dagens løysing må bytast ut, og eksisterande avtale går ut 31.12.2026. Anskaffinga skal sikre vidare drift utan avbrot og leggje til rette for ei føreseieleg og tenleg løysing for kommunen.
Kommunen ønskjer ei løysing som er enkel å drifte, krev minst mogleg reinhald og oppfølging, og som har stabil funksjon med rask service ved driftsstans. Det er òg viktig at løysinga er fleksibel, slik at kommunen ved behov kan ta ho i bruk på fleire lokasjonar i avtaleperioden.
Behovet kan variere mellom lokasjonane, både når det gjeld volum, bruksmønster og ønskje om drikkeutval. Kommunen ønskjer derfor eit godt grunnlag for å kunne vurdere ulike løysingar opp mot kvalitet, kostnad, driftstryggleik og ressursbruk. Det er vidare viktig at løysinga gir kommunen høve til å velje kva produktutval den enkelte maskina skal ha ved installasjon, og at produktutvalet kan justerast i avtaleperioden dersom behovet endrar seg, til dømes som følgje av endringar i retningslinjer.
Beskrivelse av oppdraget
Gloppen kommune skal inngå avtale om levering av kaffiløysing til Heradshuset og biblioteket på Sandane, med opsjon på levering til andre kommunale lokasjonar dersom behov oppstår. Leveransen skal omfatte kaffimaskiner og tilhøyrande produkt og tenester som er nødvendige for bruk av løysinga.
Kommunen ønskjer tilbod på ulike typar kaffiløysingar, slik at det kan veljast løysing ut frå behovet ved den enkelte lokasjonen. Dette omfattar mellom anna ei enkel løysing for svart kaffi og varmt vatn, løysingar med breiare utval av kaffidrikker, og eventuelle alternative løysingar som leverandøren meiner gir eit godt forhold mellom kvalitet, kostnad, driftstryggleik og tidsbruk.
Det skal givast tilbod på maskiner der kommunen ved installasjon kan velje kor mange og kva produkt maskina skal levere. Det skal òg vere mogleg å endre produktutvalet og omfanget av dette undervegs i avtaleperioden, dersom kommunen sitt behov endrar seg, mellom anna som følgje av endringar i gjeldande retningslinjer. Leverandøren skal beskrive korleis slike endringar kan gjennomførast i praksis, og eventuelle økonomiske og driftsmessige konsekvensar av dette.
Leveransen skal vere ei komplett løysing med service. Det skal vere mogleg å tilby ulike modellar for leige, leasing eller kjøp av maskiner, i tillegg til levering av råvarer og eventuelle serveringsartiklar etter kommunen sitt val ved avtaleinngåing og ved seinare behov. Oppdraget omfattar òg installasjon, oppstart, service og vedlikehald, slik at kommunen får ei funksjonell og brukarvennleg løysing med låg driftsbelastning.
Kommunen vil i konkurransen be om pris- og løysingsinformasjon som gjer det mogleg å samanlikne alternativa på ein oversiktleg måte, mellom anna når det gjeld kostnadsstruktur, drift, reinhald, service, levering og praktiske føresetnader for etablering og bruk.
Tildelingskriterier
Slik vektes tilbudene i konkurransen (vekt i prosent).
- Funksjonalitet og brukarvenlegheit · Kvalitet15 %
- Miljø · Kvalitet – klima- og miljøhensyn som tildelingskriterium30 %
- Drift, reinhald og service · Kvalitet20 %
- Levering og gjennomføring · Kvalitet5 %
- Pris og kostnadsstruktur · Pris30 %
Kontraktsdetaljer
Parter
Kjøper
- Gloppen kommune964969124
Rådgivere og øvrige parter
- SOGN OG FJORDANE TINGRETT926723278
- Hyyr AS
API og MCPGET /tenders/2026-117991
API
curl "https://api.sokfirma.no/tenders/2026-117991" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"notice_id": "2026-117991",
"heading": "Kaffiløysing for Heradshuset, biblioteket og andre lokasjonar",
"notice_status": "ACTIVE",
"publication_date": "2026-11-19",
"deadline": "2026-12-07T11:00:00+00:00",
"estimated_value": 1200000,
"parties": [
{ "role": "buyer", "name": "Gloppen kommune", … },
…
],
…
}MCP
get_tender({ "notice_id": "2026-117991" })Spør AI-assistenten
Hva er tildelingskriteriene i «Kaffiløysing for Heradshuset, biblioteket og andre lokasjonar», og hvordan er de vektet?
Når er tilbudsfristen for «Kaffiløysing for Heradshuset, biblioteket og andre lokasjonar», og hva er estimert verdi?
Hvem er kjøper i «Kaffiløysing for Heradshuset, biblioteket og andre lokasjonar», og hva er kontraktens varighet?
Full kunngjøring
Kjøper
Prosedyre
- Kantineutstyr
- Drikkevareautomat
- Kjøkkenutstyr
- Kaffe, te og liknende produkter
- Kjøkkenutstyr, husholdningsartikler, forsyning til hjemmet og catering
- Produkter til cateringvirksomhet
- Cateringutstyr
- Engangsprodukter til cateringvirksomhet
- Industrimaskiner
Delkontrakt
- Kantineutstyr
- Drikkevareautomat
- Kjøkkenutstyr
- Kaffe, te og liknende produkter
- Kjøkkenutstyr, husholdningsartikler, forsyning til hjemmet og catering
- Produkter til cateringvirksomhet
- Cateringutstyr
- Engangsprodukter til cateringvirksomhet
- Industrimaskiner