Allmenn taksering av eigedomar for eigedomsskatt 2028
Beskrivelse fra kunngjøringen
Generell beskriving
Gloppen kommune har vedteke ny allmenn taksering av næringseigedomar, våningshus og fritidsbustader etter eigedomsskattelova § 8 A-3 andre ledd. Kommunen har hatt eigedomsskatt på all fast eigedom sidan 2006.
Anskaffinga gjeld informasjonstenester og taksering av eigedomar for utskriving av eigedomsskatt i 2028. Det vert bede om tilbod på taksering av eigedomsskatteobjekt i 2027. Takseringa skal gjennomførast etter eigedomsskattelova § 8 A-3 fjerde ledd, der takstnemnda vedtek takstane etter forslag frå takseringsfirmaet.
Estimert kontraktsverdi er 2 000 000 kroner. Oppdragsgjevar tek atterhald om avlysing dersom konkurransen fører til vesentleg kostnadsauke samanlikna med budsjettet.
Det er ikkje høve til å gje deltilbod. Alternative tilbod vert ikkje aksepterte.
Oppdraget skal vere ferdigstilt innan 16.11.2027.
Reglar for gjennomføring av konkurransen
Anskaffinga vert gjennomført etter lov om offentlege anskaffingar og forskrift om offentlege anskaffingar del I og II, som open tilbodskonkurranse, jf. forskrifta § 8-3.
Oppdragsgjevar tek sikte på å tildele kontrakt utan dialog, utover eventuelle avklaringar og rettingar, men kan gjennomføre dialog dersom dette vert vurdert som tenleg. Tilbydarane må difor levere sitt beste tilbod.
Oppdragsgjevar nyttar Hyyr som konkurransegjennomføringsverktøy, og anskaffinga vert kunngjord på Doffin.
All kommunikasjon skal skje via Hyyr, www.hyyr.no. Spørsmål og svar vert gjorde tilgjengelege for alle interesserte tilbydarar, og spørsmålsstillar vert anonymisert. All kommunikasjon skal vere skriftleg og på norsk.
Tilbydarane bør melde frå i god tid før tilbodsfristen dersom dei oppdagar uklarheiter, feil, manglar eller forhold dei ikkje kan akseptere i konkurransegrunnlaget. Oppdateringar, endringar og tillegg vert formidla til alle som har meldt interesse.
For innsyn gjeld offentleglova. Oppdragsgjevar pliktar å hindre innsyn i opplysningar som er underlagde teieplikt, jf. forskrift om offentlege anskaffingar § 7-4 og forvaltningslova § 13.
Oppgjevne mengder eigedomar er henta frå rapportar per 01.08.2026 og skal leggjast til grunn ved prissetjing. Godtgjersle vert gjort opp etter faktisk utført taksering.
Oppdragsgjevar stiller krav om løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regelverk, inkludert forskrift om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar og eventuelle allmenngjeringsforskrifter. Oppdragsgjevar kan krevje dokumentasjon, gjennomføre kontrollar og setje i verk sanksjonar ved brot.
Oppdragsgjevar vurderer at anskaffinga har ubetydeleg klima- og miljøbelastning. Det vert difor ikkje stilt klima- og miljøkrav eller -kriterium, jf. lov om offentlege anskaffingar § 5.
Atterhald og avvik kan føre til avvising. Dei skal vere presise, eintydige og gå fram av tilbodsbrevet. Vesentlege atterhald og avvik kan føre til avvising. Elles gjeld avvisingsreglane i anskaffingsregelverket.
Tilbydaren ber alle kostnader knytte til tilbodet og deltakinga i konkurransen. Møte med oppdragsgjevar i takseringsarbeidet skal vere inkludert i prisen.
Tilbodsprisen skal omfatte alle kostnader ved takseringsarbeidet, mellom anna reise, diett, administrasjon, teknisk utstyr, frammøte, førebuing, gjennomføring, avslutning og møte. Det vert ikkje gjeve tillegg for forhold tilbydaren burde ha teke omsyn til ved prisinga.
Taksten frå tilbydaren er rettleiande for takstnemnda. Eventuelle presiseringar eller avklaringar frå nemnda skal gjerast utan tillegg i prisen.
Kontraktsvilkår
NS 8402 der oppdraget vert honorert etter medgått tid, gjeld for kontrakta, med desse endringane:
Kommunen stiller ikkje tryggleik.
Betalingsfrist er 30 dagar frå mottak av faktura.
Oppdragsgjevar godtek ikkje fakturagebyr.
Tvistar skal først søkjast løyste i minnelegheit, elles ved dei ordinære domstolane.
Ved forseinking skal det betalast dagmulkt på 2 ‰ per kvartal av totalt honorar ekskl. avgift, minimum 1 000 kroner per kvartal, avgrensa til 20 % av totalt honorar.
Før kontrakt vert inngått, skal firmaet ha teikna ansvarsforsikring.
Det vert ikkje gjeve tillegg for løns- og prisstiging i kontraktsperioden.
Tildelingskriterier
Slik vektes tilbudene i konkurransen (vekt i prosent).
- Oppgåveforståing · Kvalitet20 %
- Tilbode personell, erfaring og referanser · Kvalitet20 %
- Pris60 %
- Klima og miljø · Kvalitet – unntak fra klima- og miljøkrav i norsk anskaffelsesregelverk: Anskaffelsen har uvesentlig klimaavtrykk og miljøbelastning (skal begrunnes)0 %
Kontraktsdetaljer
Parter
Kjøper
- Gloppen kommune964969124
Rådgivere og øvrige parter
- SOGN OG FJORDANE TINGRETT926723278
- Hyyr AS
Full kunngjøring
Kjøper
Prosedyre
- Administrative tjenester for virksomheter
- Tjenester i forbindelse med selvangivelse
- Tjenesteytelser i forbindelse med fast eiendom til beboelsesformål
- Tjenesteytelser i forbindelse med fast eiendom til annet enn beboelsesformål
- Regnskaps-, revisjons- og skattemessige tjenester
- Skattemessige tjenesteytelser
- Forvaltning av fast eiendom på honorar eller kontraktsbasis
- Eiendomsmeglervirksomhet på honorar eller kontraktsbasis
Delkontrakt
- Administrative tjenester for virksomheter
- Tjenester i forbindelse med selvangivelse
- Tjenesteytelser i forbindelse med fast eiendom til beboelsesformål
- Tjenesteytelser i forbindelse med fast eiendom til annet enn beboelsesformål
- Regnskaps-, revisjons- og skattemessige tjenester
- Skattemessige tjenesteytelser
- Forvaltning av fast eiendom på honorar eller kontraktsbasis
- Eiendomsmeglervirksomhet på honorar eller kontraktsbasis