Nes videregående skole i Akershus søker vikar i norsk, 70 % deltid, fra 7. september til 31. desember 2026.
Vikariat lærar
Hognestad Skule, Time Kommune · Time, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Time kommune søker vikar i 100% stilling som kontaktlærar på mellomtrinnet ved Hognestad skule, med oppstart snarast og varigheit t.o.m. 22.12.2026. Arbeidsstad er Hognestad skule i Time kommune, Rogaland, som i skuleåret 2026-2027 har 53 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Hovudoppgåver er å vera kontaktlærar, følgja opp den enkelte elev og arbeida systematisk med meistring og framgang. Krav er godkjent lærarutdanning for barneskule, gode norskkunnskapar og digital kompetanse, samt evne til å ta livredningsprøve og gje symjeundervisning.
Om arbeidsgjevaren
Hognestad skule er ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning, og driv ordinær grunnskuleundervisning. Skulen har 14 tilsette og ligg om lag 5 kilometer sør for Bryne. Skulen er del av det interkommunale samarbeidet Jærskulen saman med Hå, Klepp og Gjesdal, og inngår i eit fagnettverk med fleire naboskular.
Søknad og frist
Søknader vert behandla fortløpande, med søknadsfrist 21.08.2026.
Om stillingen
Vikar lærar Hognestad skule, Time kommune Time kommune har, hausten 2026, ledig eit vikariat i 100% stilling som kontaktlærar på mellomtrinnet ved Hognestad skule - snarast - t.o.m 22.12.26. Søknadane blir behandla fortløpande. Skulen ligg i landlege omgjevnader ca 5 kilometer sør frå Bryne. Skuleåret 2026-2027 har me 53 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Skulen har eigen idrettshall som er aktiv i bruk på dag og kveldstid. Landskapet i nærområdet innbyr til gode moglegheiter for læring og aktivitet i friluft. På Hognestad er foreldra og lokalmiljøet opptekne av skulen sin, og deltek med engasjement i samhandling med skulen. Hognestad skule sine utviklingsområder er lesing, rekning, engelsk og motivasjon. Målet er at alle elevane skal oppnå sitt høgaste potensiale, og at elevane skal vera aktive i undervisninga og i eiga læring. Leik på tvers av trinn er ein av våre styrkar. Skulane i Time er ein del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Hognestad skule er i nettverk saman med Bryne skule, Orre skule, Tu skule og Varhaug skule. På Hognestad skule har alle elevar og tilsette personlege læringsbrett som verktøy for å forsterka læring. Trinntid og teamtid vert brukt til refleksjon og deling med fokus på læring.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlærar - Sjå og møta den einskilde elev der han/ho er - Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang - Samarbeida godt og spela på lag med andre
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning for barneskule og gjerne erfaring frå grunnskule - Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. - Har god digital kompetanse - Kan ta livredningsprøven og ha symjeundervising i stort basseng.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- -Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet -Evne til å kunna arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast -Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg -Lika utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar -Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap -Gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg -Gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Ingveig Nærland Ødegård, Rektor
Arbeidsstad
Hågenholen 1 4346 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5162346731 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 22.12.2026 Søknadsfrist: 21.08.2026
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer (60 %) i engelsk og historie fra 7. september til 31. desember 2026.
Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.