Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Rettleiar

Nav Midt-Telemark Og Nome · Midt-Telemark, Telemark

FastHeltidOffentligKontor og økonomiFrist 16.11.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

NAV Midt-Telemark og Nome søker én rettleiar i 100 % fast stilling på Talenthuset, eit tiltak for ungdom under 30 år. Målet er å få unge brukarar ut i jobb og utdanning. Arbeidsstaden er i Midt-Telemark kommune, i Bø i Telemark.

Som rettleiar følgjer du opp brukarar gjennom digital oppfølging, fysiske møte på kontoret, heimebesøk og møte hos samarbeidspartnarar. Du driv rettleiing og saksbehandling og brukar NAV sine fagsystem. Arbeidet krev at du kan tilpasse dialogen til kvar enkelt og tåle eit høgt tempo.

Det blir kravd fullført relevant bachelorgrad. Utdanning innan helse- og sosialfag, humanistiske, juridiske eller samfunnsvitskaplege fag er ein fordel, og særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. Du må ha norsk på minst nivå B2, god IKT-kompetanse og førarkort klasse B. Rettleiingskompetanse frå studium eller arbeid er ønskeleg. Stillinga er ei fast kommunal stilling med lønn etter stillingskode 6599 Spesialkonsulent, pensjons- og forsikringsordningar og tilgang til ferieleilegheit i Rauland.

Om arbeidsgiveren

NAV Midt-Telemark og Nome er ei undereining innan offentleg forvaltning i bransjen sosialkontortenester, med 23 tilsette. Kontoret arbeider førebyggjande og samarbeider med arbeidsgjevarar, fastlegar, tiltaksbedrifter og andre instansar i kommunen. Rolla passar for deg som vil jobbe tett på lokalt arbeidsliv og NAV sitt samfunnsoppdrag. Regnskapstal er ikkje oppgitt.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 16.11.2026. I søknadsteksten bes du reflektere over korleis ein kan sikre tett, tidleg, heilskapleg og individuelt tilpassa oppfølging. Kopi av vitnemål og attestar lastast opp som vedlegg.

Annonsetekst

Arbeidsoppgåver

For deg med pågangsmot og engasjement, og som ønsker å gjere ein skilnad, har NAV Midt-Telemark og Nome nå ledig ein 100% stilling som rettleiar på Talenthuset. Talenthuset er eit av våre tiltak for ungdom (unge under 30 år) og har som hovedfokus å få våre unge brukere ut i jobb og utdanning, slik at dei står støtt framover i livet. Vi har eit team med rettleiarar som arbeider på Talenthuset, og som saman finn gode løysninger for våre unge. NAV Midt-Telemark og Nome arbeider ut frå eit førebyggande perspektiv, og samarbeider med arbeidsgjevarar, fastlegar, tiltaksbedrifter og andre instansar i kommunen.

Arbeidsoppgåvene som rettleiar kan variere, og inneber alt frå digital oppfølging, fysiske møte på kontoret, heimebesøk eller møte hos andre samarbeidsaktørar. Som rettleiar må du ha evnen til å snu deg raskt og tilpasse dialogen og oppfølginga ut frå kvar enkelt person sin situasjon, og møte dei der det er behov. Du må se moglegheiter for brukarane. Du må motivere og legge til rette for at dei skal komme i arbeid og aktivitet gjennom rettleiing, sakshandsaming og ved bruk av Nav sine ulike fagsystem.

I søknadsteksten ber vi deg reflektere over korleis vi skal sikre at alle får tett og tidlig, heilskapleg og individuelt tilpassa oppfølging.

Vi søker deg som ser etter moglegheiter og arbeid. Du er opptatt av å ta vare på menneske, og våger deg inn i utfordrande samtaler. Du har eit stort engasjement for NAV sitt samfunnsoppdrag, og du tåler å stå i situasjonar som krev evne til å være strukturert i ein kvardag som aldri er lik.

Arbeidsoppgåvene kan endrast over tid, og stillinga føreset fleksibilitet og evne til å handtere endring.

Kvalifikasjonar

  • Fullført relevant utdanning på bachelorgradsnivå. Utdanning innen helse- og sosialfag, humanistiske fag, juridiske fag eller samfunnsvitenskapelige fag er en fordel. Særlig relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Norsk er arbeidsspråket vårt, og du må ha god muntlig og skriftlig fremstillingsevne på norsk på minst nivå B2.
  • Generelt god kompetanse på IKT- og dataverktøy
  • Førerkort kl B

Vi ønsker at du:

  • evner å ha overblikk og forståelse for NAV sitt virkeområde og samhandling med øvrige samarbeidspartnerar
  • har forståelse for korleis det ordinære arbeidsmarkedet kan nyttast som verkemiddel og mål for å inkludere menneske som av ulike årsaker står utenfor arbeidsliv
  • har evne til å drive prosesser og har et ønske om å oppnå gode faglige resultat
  • har god evne til å sette seg inn i unge sine utfordringar i aktivitet, utdanning og arbeid
  • Rettleiingskompetanse frå enten studie eller arbeidserfaring.

Personlege eigenskapar

  • Ha emosjonell styrke til å møte brukarar som er i krevjande livssituasjonar
  • Like å byggje relasjonar og å skape motivasjon
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Tåle eit høgt tempo og agendaer som endras raskt
  • Væra eit positivt forbilde og ein god motivator
  • Er effektiv, målretta og strukturert

Vi legg særleg vekt på personlege eigenskaper.

Vi tilbyr:

100% fast kommunal stilling Dyktige kollegaer og et trivelig og hektisk arbeidsmiljø Mogelegheit til å benytte ferieleilighet i Rauland Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk i stillingskode 6599 Spesialkonsulent Gode forsikrings- og pensjonsordninger

Kopi av vitnemål og attester lastes opp som vedlegg til søknaden

Kontaktinformasjon

Tore Prestrud Astad, Avdelingsleiar, 91521241, Tore.prestrud.astad@nav.no

Arbeidsstad

Folkestadvegen 21 3800 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5193932256 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.11.2026

Søk på jobben
Søk senest 16.11.2026
Søk på stillingen →
API og MCPGET /company/974597780/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974597780/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 1,
  "hits": [
    {
      "uuid": "ff9083f8-eb09-46db-bece-ea1fa2b4fc3a",
      "title": "Rettleiar",
      "municipal": "MIDT-TELEMARK",
      "application_due": "2026-11-16 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974597780" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Nav Midt-Telemark Og Nome ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Rettleiar» hos Nav Midt-Telemark Og Nome?
  • Ansetter Nav Midt-Telemark Og Nome flere i Midt-Telemark nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Verksamhetsledare på Nordens välfärdscenter
Nordens Välfärdscenter

Nordens välfärdscenter i Stockholm søker én verksamhetsledare på heltid, tidsbegrenset i 12 måneder til 2 år.

AnnetHeltidKontor og økonomi
Frist 7.12.2026
Export Control Compliance Lead
CERN

CERN i Sveits søker én Export Control Compliance Lead på heltid, fast ansettelse, til å bygge opp et nytt eksportkontrollkontor.

FastHeltidKontor og økonomi
Frist 20.11.2026
Asset Accountant
CERN

CERN søker en Asset Accountant på heltid i fast stilling i Sveits, med fokus på eiendelsregnskap og varige driftsmidler.

FastHeltidKontor og økonomi
Frist 24.11.2026
Norsktalende jobber i Hellas
Jobs By Nordics AB

Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsjobb i Hellas, med flyttepakke.

FastHeltid5 stillingerKontor og økonomi
Frist 12.11.2026
Nav Midt-Telemark Og Nome
Frist 16.11.2026
Søk på stillingen →