Øystein Torsås As i Agder søker prosjektmedarbeider til partnersøk for TaraSec, fast deltidsstilling.
Prosjektleiar - kommuneplanen sin samfunnsdel
Plan- Og Byggsak, Gloppen Kommune · Gloppen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Gloppen kommune søkjer prosjektleiar for å leie arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og ny planstrategi. Stillinga er eit 100 % engasjement over to år, med planlagd oppstart 01.01.2027 og sluttdato 31.12.2028. Arbeidsstad er Sandane i Gloppen kommune. Ansvaret omfattar å sikre framdrift, koordinere på tvers av kommunale sektorar, politiske organ og myndigheiter, leggje til rette for medverknad, systematisere kunnskapsgrunnlag og utarbeide planprogram og framlegg til samfunnsdelen. Det kan òg vere aktuelt å bidra i anna kommunalt planarbeid. Det blir søkt éin kandidat med relevant høgare utdanning, erfaring frå plan- eller prosjektleiing, og god kjennskap til plan- og bygningslova.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga høyrer til tenesteområdet Plan, byggesak og oppmåling hos Gloppen kommune, som har fem tilsette og ansvar for byggesak, oppmåling, areal- og samfunnsplanlegging, private reguleringsplanar og matrikkelføring. Tenesta er underlagt kommunalområdet Samfunn og berekraft, som i tillegg omfattar eigedom, kommunalteknikk, landbruk, kultur samt brann og redning. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr Gloppen kommune løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 24.09.2026.
Om stillingen
Vil du vere med og forme framtida til Gloppen? Gloppen kommune skal gå i gang med å utarbeide kommuneplanen sin samfunnsdel og ny planstrategi for den kommande valperioden. Arbeidet med samfunnsdelen vil starte opp i byrjinga av 2027 og skal vere vedteken i utgangen av 2028. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal gje retning for den langsiktige utviklinga av kommunen og vil vere eit av dei viktigaste styringsverktøya både politisk og for kommunen som verksemd. Arbeidet vil skje i tett dialog med politikarar, administrasjonen, kommunale tenester, innbyggjarar, næringsliv, frivillig sektor og andre relevante aktørar. Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert prosjektleiar for ei 100 % prosjektstilling i to år. Prosjektstillinga inneber ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Vi ser etter deg som har god kompetanse frå å leie planprosessar og som gjerne har erfaring frå offentleg sektor. Du vil bli ein del av tenesteområdet Plan, byggesak og oppmåling, som består av fem tilsette med ansvar for mellom anna byggesak, oppmåling, areal- og samfunnsplanlegging, handsaming av private reguleringsplanar, matrikkelføring mm. Tenesta er underlagt kommunalområdet Samfunn og berekraft, som i tillegg til plan, byggesak og oppmåling består av tenesteområda eigedom, kommunalteknikk, landbruk, kultur, og brann og redning.
Arbeidsoppgåver
I prosjektstillinga får du ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, frå oppstart til ferdig plan. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:
- Sikre framdrift og heilskap i arbeidet
- Koordinere arbeidet på tvers av kommunale sektorar, administrativ leiing, politiske organ og offentlege myndigheiter
- Leggje til rette for medverknad og involvering, mellom anna gjennom arbeidsverkstadar og spørjeundersøkingar
- Systematisere og analysere kunnskapsgrunnlaget
- Utarbeide planprogram og framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel, inkl. planstrategi
- Førebu og leggje fram saker for politisk behandling
Det kan i tillegg vere aktuelt å bidra inn i anna kommunalt planarbeid.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- relevant høgare utdanning, gjerne innan samfunnsplanlegging, bygg- og arkitekturfag, samfunnsvitskap eller anna relevant fagområde
- relevant erfaring frå planarbeid, prosjekt- eller prosessleiing
- god kjennskap til plansystemet og plan- og bygningslova
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- god digital kompetanse
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå offentleg sektor og gjerne med arbeid opp mot politiske organ
- god forståing for kommunal verksemd og offentlege planprosessar
- kjennskap til politiske avgjerdsprosessar
- erfaring med digitale sakshandsamings- og arkivsystem
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du:
- arbeider strukturert og sjølvstendig, men likevel fungerer godt i team
- er god til å involvere, motivere og kommunisere med ulike målgrupper, inkludert samhandling med kollegaer, eksterne konsulentar, innbyggjarar og offentlege instansar
- har interesse for samfunnsutvikling og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet
- er trygg i møte med både politiske og administrative miljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- ei spennande og samfunnsrelevant prosjektstilling med stor grad av ansvar og påverknad
- varierte arbeidsoppgåver og eit breitt kontaktnett på tvers av kommunen og lokalsamfunnet
- eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med tenesteleiar Eirin Victoria Myklebust.
Vi ønskjer primært oppstart frå 01.01.2027, men oppstart før/etter dette kan skje etter avtale.
Vil du vere med og setje retning for Gloppen dei kommande åra? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Kontaktinformasjon
Eirin Victoria Myklebust, Avdelingsleiar Plan- og byggsak, +47 90038385
Arbeidsstad
Grandavegen 9 6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5178386637 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2028 Søknadsfrist: 24.09.2026
Lignende stillinger
Ramsalt Lab i Tromsø søker kommersiell rådgiver til anbud og salg, fast heltidsstilling med hjemmekontor.
Sør-Varanger Utvikling søker fast hubkoordinator til Øst-Finnmark Kunnskapssenter i Tana.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsstilling i Hellas.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundekonsulenter til fast heltidsjobb i Torrevieja, Spania.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicekonsulenter på heltid til nytt kontor i Fuengirola, Spania.