Helsefagarbeidar
Hareid Kommune, Skjerma Eining Og Bu- Og Korttidseininga · Hareid, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Hareid kommune søker helsefagarbeidar/hjelpepleiar til fast, heiltids stilling ved bu- og korttidseininga og skjerma eining. Det er også ledig fast nattstilling og eit sjukevikariat på natt. Stillingane inneber pleie- og omsorgsoppgåver for pasientar i sjukeheim, medikamenthandtering, bruk av velferdsteknologi og elektronisk pasientjournal, samt deltaking i kvalitetsarbeid og internkontroll. Arbeid kvar tredje helg, med turnusarbeid. Bu- og korttidseininga er ei ny eining under omstilling, medan skjerma eining i hovudsak er ei langtidseining for personar med langtkomen demenssjukdom. Arbeidsstad er i Hareid kommune.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til helse- og koordinerande eining i Hareid kommune, ein del av offentleg forvaltning innan helsestell, undervisning, kultur og sosial verksemd. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr verksemda mellom anna forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP, kurstilbod gjennom Visma og NHI, og funksjonstillegg på 5000 kr i året for faste nattilsette.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 25. september 2026. Intervju vert gjennomført, og referansar frå tidlegare arbeidsstader vert sjekka.
Om stillingen
Vi har dyktige tilsette som har blitt eller skal bli pensjonistar og har difor ledig faste stillingar som helsefagarbeidar på bu- og korttidseininga og skjerma eining. Vi har også ledig fast stilling som helsefagarbeidar på natt i bu- og korttidseininga, og sjukevikariat som helsefagarbeidar på natt i skjerma eining. Stillingane varierer i storleik, og har alle for tida arbeid kvar tredje helg. Vi tilpassar stillingsstorleik til behov og ønske. Oppgje kva du ønsker i søknaden.
Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er fleksible og positive til endringar.
Skjerma eining er i hovudsak langtidseining for personar med langtkomen demenssjukdom, men har også korttidsopphald. Vi jobbar tett på pasientane for å skape tryggheit og stabilitet gjennom døgnet
Arbeidsoppgåver
- sikre at tenester utøvast på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
- pleie - og omsorgsoppgåver til pasientar i sjukeheim
- ta medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- bruke velferdsteknologi i dagleg arbeid
- delta i kvalitetsutvikling av einingane
Kvalifikasjonar
Du
- har autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- kan medikamenthandtering
- meistrar bruk av elektronisk pasientjournal og velferdsteknologi
- må kunne arbeide turnus
- beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte. Du må vere fagleg oppdatert, viser respekt og vere raus i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, klarer å prioritere og har gjennomføringsevne.
For oss er personsentrert omsorg og fagleg utvikling ein naturleg del av kvardagen, og vi forventar at du deler dette engasjementet
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar - stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral er viktig for oss. Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen. Intervju vert gjennomført og referansar frå siste arbeidsstadar vert sjekka
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsfellesskap
- spennande faglege utfordringar
- kurs gjennom Visma og NHI
- forsikring- og pensjonsordning gjennom KLP
- funksjonstillegg på kr 5000 per år (full stilling) på fast tilsette på natt
Kontaktinformasjon
Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, 94198242 Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45
Arbeidsstad
Teigevegen 55 6060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommune Referansenr.: 5140989094 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.09.2026
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 2 fastleger til heltidsvikariat ved legekontor i Vestland.
Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Troms, heltid med oppstart 14. sept. 2026.
Konstali Helsenor søker 3 sykepleiere til vikariat ved sykehjem i Nordland, heltid med oppstart 14. september.
Konstali Helsenor søker 3 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Møre og Romsdal, heltid.