Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Leiar for interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg

Stabseining Samfunnsutvikling, Bygland Kommune · Bygland, Agder

FastHeltidOffentligBygg og anlegg
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Stabseining Samfunnsutvikling, Bygland Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Bygland kommune søkjer ein leiar til eit nyoppretta interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Stillingen er fast og heltid (100 %), og arbeidsstad er Bygland kommune – med arbeid i heile samarbeidsregionen (Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes). Noko reiseverksemd må påreknast, og tenestebil inngår. Leiaren får overordna fagleg og administrativt ansvar for kontoret i etableringsfasen, inkludert personalansvar, saksbehandling etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, tilsynsplanlegging, budsjettoppfølging og dialog med kommunar og statsforvaltar. Målet er full regelverksetterleving innan 2033 i tråd med vassforskrifta/EUs vassdirektiv.

Om arbeidsgivaren

Bygland kommune er vertskommune for det nye samarbeidet, organisert etter kommunelova kapittel 20. Administrasjonseininga som lyser ut stillinga er registrert med 5 tilsette og høyrer til bransjen for offentleg administrasjon. Som ein liten innlandskommune i Agder representerer Bygland ein kompakt forvaltningsmiljø, og tilsynskontoret vil vere ein ny eining med potensial for vekst dersom fleire kommunar sluttar seg til samarbeidet.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 10. august 2026.

Annonsetekst

Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt med fleire kommunar i samarbeidet. Tilsynskontoret blir organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bygland kommune som vertskommune. Kontoret vil vere lokalisert i Bygland kommune.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining.

Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet. Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast.

Leiar for tilsynskontoret har overordna ansvar for:

  • Fagleg og administrativ leiing av kontoret.
  • Oppbygging og vidareutvikling av rutinar, system og fagmiljø.
  • Planlegging og prioritering av tilsynsaktivitet i tråd med nasjonale føringar.
  • Samarbeid med deltakar­kommunane, Statsforvaltaren og andre relevante aktørar.

Arbeidsoppgaver

  • Leiing og personalansvar for medarbeidarane ved kontoret.
  • Fagleg ansvar for tilsyn etter forureiningsforskrifta.
  • Saksbehandling etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, inkludert pålegg, vedtak og oppfølging.
  • Utarbeiding og oppfølging av tilsynsplanar, årlege prioriteringar og rapportering.
  • Bidrag til at kommunane når målet om full regelverksetterleving innan 2033 i tråd med krav i vassforskrifta/EUs vassdirektiv.
  • Dialog og rettleiing overfor anleggseigarar, konsulentar og entreprenørar.
  • Samhandling med vassområdekoordinator og bidrag til heilskapleg vassforvaltning i regionen.
  • Budsjettoppfølging og forvaltning av sjølvkostfinansiert gebyrordning.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning (minimum bachelor), til dømes innan miljøteknikk, VA, naturforvaltning, bygg/tekniske fag eller tilsvarande.
  • God kjennskap til eller erfaring med forureiningslova og forureiningsforskrifta.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning, tilsyn, saksbehandling eller myndigheitsutøving.
  • Leiarerfaring eller dokumentert evne til å leie faglege prosessar og team.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk) Relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for formell utdanning.

Personlige egenskaper

  • Er sjølvstendig, strukturert og trygg i rolla som myndigheitsutøvar.
  • Har god rolleforståing og høg grad av integritet.
  • Evnar å kombinere fagleg tyngd med god dialog og rettleiing.
  • Er samarbeidsorientert og trivst i eit interkommunalt fagmiljø.
  • Har gjennomføringsevne og trivst med å byggje opp nye strukturar.

Vi tilbyr

  • Ei fagleg spennande og samfunnsviktig leiarstilling.
  • Moglegheit til å byggje opp og forme eit nytt interkommunalt fagmiljø.
  • Stabil arbeidsgjevar og ryddige offentlege rammevilkår.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Tenestebil til bruk i feltarbeid.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675

Arbeidssted

Sentrum 18 4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune Referansenr.: 5154796951 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026

Lignende stillinger

Branntekniker
Bravida · AKERSHUS

Bravida i Follo søker en branntekniker på heltid, fast ansettelse, til serviceoppdrag innen brannalarm og nødlys.

FastHeltidBygg og anlegg
Frist 8.1.2027
Anleggsmaskinfører – Aarstad Anlegg
Aarstad Anlegg · TRØNDELAG

Aarstad Anlegg i Inderøy søker 1 erfaren anleggsmaskinfører på heltid, fast ansettelse, i Trøndelag.

FastHeltidBygg og anlegg
Frist 3.12.2026
Montør av bygg
R.s Stål & Montasje As · NORDLAND

R.S Stål & Montasje AS i Ørland søker 1 montør av bygg på heltid, fast ansettelse, til stålbygg og sandwichelementer.

FastHeltidBygg og anlegg
Faglært Tømrer
EGB Enterprises AS · ROGALAND

EGB Enterprises AS i Rogaland søker 5 faglærte tømrere til faste heltidsstillinger innen nybygg og rehabilitering.

FastHeltid5 stillingerBygg og anlegg