Helgestillingar og tilkallingsvikarar avdeling Selje og Stadlandet
Heimetenesta, Stad Kommune · Stad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Heimetenesta i Stad kommune, avdeling Selje og Stadlandet, søker 8 tilsette til helgestillingar og tilkallingsvikariat. Stillingane er vikariat på deltid, med oppgitt stillingsprosent på 40 %. Arbeidsstaden er Selje i Stad kommune.
Dei tilsette skal jobbe i ambulerande heimeteneste, bufellesskap og i 1-1 tiltak. Hovudoppgåvene er å gjennomføre faglege oppgåver, gi omsorg og behandling, og å følgje opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer. Brukarane er menneske i ulik alder og livssituasjon, med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar.
Fagutdanning innan helse og omsorg er ønskeleg, men ikkje eit absolutt krav. Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg er påkravd, og søkjarar må ha førarkort. Politiattest må leggjast fram før oppstart, og det er 6 månader prøvetid.
Om arbeidsgiveren
Stad kommune Heimetenesta Selje er ei undereining i offentleg forvaltning innan praktisk bistand i heimen, med 67 tilsette. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og følgjer opp heimebuande brukarar. Det er ei teneste i utvikling som no treng fleire tilsette, både faste på helg og tilkallingsvikarar. Det er ikkje oppgitt økonomital for eininga.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 07.10.2026. Attestar og vitnemål skal lastast opp saman med søknaden.
Annonsetekst
Er du interessert i heimebasert omsorg? Vi søkjer innovative og engasjerte tilsette til helgestillingar og tilkallingsvikariat i Heimetenesta , avdeling Selje og Stadlandet.
Heimetenesta i Stad kommune har behov for fleire tilsette, både faste tilsette på helg og tilkallingsvikarar. Vi treng fleire tilsette til å jobbe både i ambulerande heimeteneste, bufelleskap og i 1-1 tiltak.
Heimetenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre faglege oppgåver, omsorg og behandling
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ønskeleg med fagutdanning innan helse og omsorg, men ikkje eit absolutt krav
Personlege eigenskapar
- Du jobbar for eit kontinuerlig godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- Du likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ og ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane finn du her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden.
Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillingane!
Kontaktinformasjon
Anne-Lise Teige, Avdelingsleiar heimetenesta Selje og Stadlandet , 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no Ingrid Hjelmeland, Assisterande einingsleiar heimetenesta, 97530265, ingrid.hjelmeland@stad.kommune.no Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5184479278 Stillingsprosent: 40% Anna Søknadsfrist: 07.10.2026
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.