Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Senior HR-Rådgjevar

Leirvik AS · Stord, Vestland

FastHeltidPrivatKontor og økonomiFrist 31.10.2026

Om stillingen

Vil du bidra til å vidareutvikle HR-faget i Leirvik?

Vi søkjer ein erfaren og engasjert Senior HR-rådgjevar som vil vere ei sentral støtte for leiarar og tilsette i verksemda. Rolla har eit særskilt ansvar for rådgjeving innan arbeidsrett, tariffavtalar, arbeidstidsordningar, bemanning og omstillingsprosessar, og vil bidra til å sikre ein profesjonell og einskapleg HR-praksis på tvers av organisasjonen.

Arbeidsoppgaver

  • Rådgjeving og støtte til leiarar innan HR, arbeidsrett og personalforvaltning
  • Ansvar for, og vidareutvikling av prosessar knytte til tariffavtalar, arbeidstidsordningar, overtid og rotasjonsordningar
  • Bistå i bemanningsplanlegging og rekruttering
  • Ansvar for innleige og rammeavtalar
  • Bistå ved omstillingar, permitteringar og nedbemanningsprosessar
  • Samarbeid, drøftingar og forhandlingar med tillitsvalde og fagforeiningar
  • Oppfølging av sjukefråvær og IA-arbeid i samarbeid med leiarar
  • Koordinering og oppfølging av kompetanseutvikling og opplæringstiltak
  • Bidra til utvikling og standardisering av HR-system, rutinar og prosessar
  • Samarbeide tett med HR-teamet for å sikre einskapleg HR-praksis i organisasjonen

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
  • Solid erfaring frå operativt og strategisk HR-arbeid, gjerne frå industriell eller operativ verksemd
  • God kunnskap om arbeidsmiljølova, tariffavtalar og kollektiv arbeidsrett
  • Erfaring med arbeidstidsordningar, bemanning og arbeidsrettslege problemstillingar
  • Erfaring med forhandlingar og samarbeid med tillitsvalde og fagforeiningar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlige egenskaper

  • Er ein tydeleg og tillitsskapande rådgjevar
  • Arbeider strukturert, nøyaktig og løysingsorientert
  • Har høg integritet og god rolleforståing
  • Er sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av HR-arbeidet i Leirvik
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår

Kontaktinformasjon

Janne Ertresvåg, SVP HR & HSEQ, +47 40 21 80 11, Janne.ertresvag@leirvik.com

Arbeidssted

Storhaugvegen 130 5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Leirvik AS Referansenr.: 5189115162 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 31.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Leirvik AS

Lignende stillinger

Administrative Assistant
CERN

CERN Staff Association søker 1 administrasjonsassistent på heltid, fast ansettelse, til barnehagen Jardin des Particules i Sveits.

FastHeltidKontor og økonomi
Frist 21.10.2026
Takstingeniør – deltid
Birkeland Takst & Prosjekt As · AKERSHUS

Birkeland Takst & Prosjekt AS i Akershus søker 2 takstingeniører til deltidsengasjement med fleksibel arbeidstid.

EngasjementDeltid2 stillingerKontor og økonomi