Jobs By Nordics AB søker 25 hotellunderholdere til sesongjobb 2027 på gresk øy og Kypros, heltid som engasjement.
Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn - 50% stilling
Ålesund Kyrkjelege Fellesråd · Ålesund, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Ålesund kyrkjelege fellesråd søker kantor/kyrkjemusikar i 50 % fast stilling, med Ellingsøy sokn som arbeidsstad. Stillingen omfatter teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar, leiing og utvikling av kyrkjelydens musikk- og kulturarbeid, samt deltaking i stabs- og fagmøte. Kravet er utdanning i samsvar med Tenesteordning for kantorar eller tilsvarande kyrkjemusikalsk kompetanse, allsidige orgel- og pianoferdigheiter, samt norskkunnskapar minimum nivå B2. Førarkort klasse B og eigen bil er nødvendig. Ellingsøy sokn har rundt 2000 medlemer og ei arbeidskyrkje frå 1998 med rundt 400 sitjeplassar og eit orgel bygd i 2002.
Om arbeidsgiveren
Ellingsøy sokn er ei underenhet til næringsdrivende og offentlig forvaltning, og driv innanfor aktiviteter i religiøse organisasjoner. Som ein del av Ålesund kyrkjelege fellesråd inngår soknet i eit stabsfellesskap med Borgund sokn, med felles dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 23. august 2026. Oppstart etter nærare avtale.
Annonsetekst
Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eit samarbeidsområde. Kyrkjelyden har sokneprest, kantor, kyrkjetenar, dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest. Det er stabsfellesskap mellom sokna med felles dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest.
Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
Ellingsøy sokn har ca. 2000 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd- og lysanlegg og kontor for tilsette. Orgelet er bygd av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.
Ålesund har eit aktivt musikkmiljø med bla symfoniorkester og kulturskule.
Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no
Arbeidsoppgåver
- Tenestegjere ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.
- Lede og utvikle kyrkjelydens musikk og kulturarbeid.
- Gi støtte til kyrkjelydens øvrige arbeid og inngå i tverrfaglege satsingar.
- Vere ein kyrkjemusikalsk ressurs for kyrkjelyd, stab og fellesråd.
- Delta i stabs- og fagmøte og andre administrative møtepunkt.
- Nokre tenester, t.d. gravferder i andre kyrkjelydar må ein rekne med.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis utdanning i samsvar med Tenesteordning for kantorar, eventuelt kyrkjemusikar med anna relevant utdanning/realkompetanse/kirkemusikalsk utdanning.
- Krav om allsidige orgel og piano ferdigheiter.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2 etter Det felles europeiske rammeverket for språk.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og kreativ, og har eit ønskje om å bidra i kyrkjelydens musikalske arbeid.
- Kontaktskapande og samarbeidsvillig, evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt.
Vi tilbyr
- Hyggelege kollegar i ein stab som har fokus på eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Eit engasjert sokneråd dei tilsette kan samarbeide med.
- Lønn etter KAs tariffavtale
- Pensjons- og forsikringsordningar
Anna
- For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
- Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og
- Livssynssamfunn § 20
- Tilsetting i Ålesund kyrkjelege fellesråd med for tida Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju og eventuelt prøvespeling og prøvedireksjon.
Oppstart etter nærare avtale.
Kontaktinformasjon
Kristin Smehus, daglig leder, 945 32 479
Arbeidsstad
Kvalsteinvegen 2 6057 Ellingsøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5150929945 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026
Lignende stillinger
Vard Interiors AS i Ålesund søker én Supervisor Interior til fast heltidsstilling innen interiørinstallasjon på skip.
Hair & There i Ålesund søker én frisør på heltid; mindre frisørvirksomhet med 5 ansatte i registeret.
Longyearbyen lokalstyre søker fagleder til Nordover kunstsenter og kino i Longyearbyen, 100 % fast stilling.