Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Helsefagarbeidar
Sveio Kommune · Sveio, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Åsvegen bueining under eining Habilitering i Sveio kommune lyser ut 2 faste heltidsstillingar (100 %) som helsefagarbeidar. Arbeidsstad er Sveio sentrum, Vestland. Den eine stillinga er ei bemanningsstilling som dekkjer behov ved fleire avdelingar innanfor Habilitering; den andre er knytt primært til Åsvegen bueining. Begge stillingane nyttar ein langvaktsturnus med vakter på inntil 14 timar, arbeid kvar 4. helg og turnus godkjent for 1 år om gongen – frå februar 2027 går eininga over til årsturnus. Arbeidsoppgåvene omfattar oppfølging av bebuarar med utviklingshemming og psykiske helseutfordringar gjennom heile dagen, inkludert tilrettelagt arbeid, fritidsaktivitetar og medikamenthandtering.
Om arbeidsgivaren
Sveio kommune er ein offentleg kommunal arbeidsgjevar i Vestland fylke. Eining Habilitering driv bustader sentralt i Sveio sentrum for personar med utviklingshemming, og utgjer eit fagmiljø i utvikling. Som kommunal verksemd tilbyr Sveio kommune tariffesta løn, gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 11. august 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Eining Habilitering har bustader for personar med utviklingshemming som ligg sentralt i Sveio sentrum. Åsvegen bueining søkjer nå to nye helsefagarbeidarar i 100% stilling. Stillingane høyrer primært til denne avdelinga, men den tilsette arbeider ved begge sentrumsavdelingane til Habilitering, Stemhaugen - og Åsvegen bueining etter behov. Den eine stillinga har bemanningsvakter, som vert brukt i eining Habilitering. Denne stillinga dekkjer behov ved fleire avdelingar. Her får ein fast turnus, men jobbar der behovet er på aktuell vakt.
Har du lyst å arbeida i eit spannande fagmiljø, med brukar med samansatte utfordringar, er du den rette for oss. Me nyttar attraktiv langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg og vakter på inntil 14 timars varigheit. Dette er ein turnus som er godkjent for 1 år om gangen. Frå februar 2027 vil eininga ta i bruk årsturnus.
I stillinga følgjer du brukar fra morgon til kveld, og er med på tilrettelagt arbeid og fritidsaktivitetar. Dette gjer dagen forutsigbar for brukar og deg som tilsett. Ein vert kjent med alle brukarane som bur hos oss, slik at ein får variasjon i arbeid og kan væra med på å tenkje heilhetleg for drifta. Saman med gode kollegaer og godt fagarbeid, får du gjennom denne stillinga moglegheit for å gjere kvardagen til våre bebuarar fin gjennom god livskvalitet og mestring.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med utviklingshemming og psykisk helseutfordringar
- Ha interesse og erfaring med utfordrande atferd
- Medikamenthandtering
- Kunne vurdera og ta avgjersler i utfordrande situasjonar
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar, men andre med relevant utdanning på fagarbeidar nivå kan også søkje
- Videreutdanning innen psykisk helse, PAS eller anna relevant utdanning kan være ein fordel
- Erfaring frå arbeid med utfordrande atferd og psykisk helse er ein fordel
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt at du kan både samarbeide med andre og utfører arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
- Førarkort kl B, manuell gir
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Me legg vekt på at du er fleksibel og evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver
- Du likar å finne løysingar saman med dine gode kollegaer
- Gjere deg kjent med tidlegare erfaringar om brukar, og utvikle fagarbeidet
- Evnar å stå i tøffe situasjonar og taklar utfordring og stressa situasjonar på ein tilfredsstillande måte
- Være fagleg engasjert, og held deg fagleg oppdatert
- Jobba målretta, systematisk og sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og kontruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Lignende stillinger
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.
Emploi Medic søker 5 miljøterapeuter på heltid til medleverturnus ved asylsøkertilbud i Finnmark.