Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Lærar Eidet skule
Eidet Skule, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Eidet skule i Haram kommune søkjer ein lærar til 100 % vikarstilling for skuleåret 2026–2027 (oppstart 1. august 2026). Stillinga er knytt til ein ny barneskule/ungdomsskule (1.–10. trinn) i Vatne, Møre og Romsdal. Aktuelle arbeidsoppgåver er planlegging og leiing av elevane si læring, oppfølging av fagleg og sosial utvikling, samarbeid med heim og faginstansar, samt aktivt bidrag til skulemiljøet. Kontaktlæraroppgåve kan verte aktuelt. Kompetanse i matematikk og naturfag på ungdomstrinnet er ønskjeleg.
Om arbeidsgivaren
Eidet skule er ein underleining av Haram kommune og driv ordinær grunnskuleundervisning. Skulen har 96 tilsette og held til i splitter nye lokale med moderne undervisningsrom, spesialrom, elevkantine og 1-1 dekning med iPad/PC. Med nærare 400 elevar er dette ein mellomstor grunnskule i ein veksande kommune på Sunnmøre.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 21. juni 2026.
Om stillingen
Har du lyst å vere med og arbeide som lærar på Eidet skule i Haram kommune? Vi søkjer etter ein lærar til 100 % vikarstilling skuleåret 2026-2027. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med i underkant av 400 elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen. Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og leie elevane si læring
- Gje elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningar
- Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling
- Verdsette og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heim
- Samarbeide godt med andre faginstansar
- Arbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
- Vere ein aktiv del av eit profesjonsfagleg læringsfelleskap i utviklingsarbeid
- Kontaktlæraroppgåve kan verte aktuelt
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen og formell utdanning i undervisningsfag
- Kompetanse for å undervise i matematikk og naturfag på ungdomstrinnet er ønskjeleg, samt kunne undervise i fleire fag.
- Erfaring med arbeid som kontaktlærar tel positivt
- Ha gode norskferdigheiter. Vi nyttar nynorsk i opplæringa
- God digital kompetanse
- Godkjent politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er ein tydeleg og varm klasseleiar med positivt elevsyn
- er god på å byggje relasjonar
- likar å samarbeide tett med kollegaer
- er strukturert og løysingsorientert
- er raus og inkluderande
- er god på å samarbeide med føresette og elevar
- er ein lagspelar som deler eigen kompetanse
- har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ei spanande lærarstilling der ein kan vere med å skape innhald og kultur i ein ny skule
- Topp moderne undervisningslokale og arbeidsplassar
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
- God pensjonsordning gjennom SPK
- Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andré[email protected]
Arbeidsstad
Vatnevegen 41 6265 VATNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5139004152 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.08.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 21.06.2026
Lignende stillinger
Adecco søker lærer (vikariat, heltid) til oppvekstsenter på øy ved Helgelandskysten i Nordland.
Sørnorsk Jazzsenter søker produsent i 10% engasjement for å planlegge ungdomsstorbandets 30-årsjubileum i 2027.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.