Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Helsefagarbeider- 100 % Vikariat

Svingen/reini, Vinje Kommune · Vinje, Telemark

VikariatHeltidOffentligHelse og sosialFrist 15.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Vinje kommune søker helsefagarbeidar til 100 % vikariat ved Svingen og Reine bufellesskap, moderne bufellesskap med til saman 15 leiligheiter for bebuarar med ulike funksjonsnedsetjingar. Stillinga inneber praktisk bistand, målretta miljøarbeid, aktivitetar, dokumentasjon og medisinering etter delegert kompetanse. Turnus dag/kveld med arbeid tredje kvar helg, moglegheit for langvakter. Krav om fagbrev som helsefagarbeidar (relevant utdanning/erfaring kan òg vurderast), skriftleg og munnleg framstillingsevne minimum nivå B2, samt førarkort klasse B. Startdato 15.09.2026, med sluttdato 15.08.2027. Arbeidsstad er Vinjevegen 192, Vinje.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er i regi av Vinje kommune, innan helse- og sosialsektoren. Kommunen har nynorsk som offisielt styringsmål, og tilsette pliktar å bruke nynorsk skriftspråk i tenesta.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 15.09.2026.

Om stillingen

Vil du ha ein jobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?

Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg.

Som helsefagarbeider bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta. Stillinga er turnus dag/kveld med arbeid tredje kvar helg. Det er moglegheit for langvakter etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid etter tiltaksplanar og dagsplanar
  • Praktisk bistand i daglege gjeremål: personleg hygiene, påkledning, måltid, aktivitetar og enkle praktiske oppgåver
  • Legge til rette for meiningsfulle aktivitetar (turar, handling, hobbyar, sosial deltaking)
  • Bruke digitale verktøy og velferdsteknologi
  • Skape tryggleik, struktur og gode relasjonar
  • Observere allmenntilstand og melde vidare ved endringar
  • Dokumentere i journalsystem
  • Gi medisinar etter delegert kompetanse
  • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre faginstansar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefargarbeidar.
  • Andre med relevant utdanning eller erfaring kan bli vurdert.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne- minimum nivå B2
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg og strukturert – du held avtalar, fylgjer rutinar og sørger for at oppgåver blir gjennomført
  • Fleksibel – du klarer å tilpasse deg endringar og behov som oppstår i løpet av ei vakt
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert – du tek ansvar for eigne oppgåver, men bidreg aktivt i teamet når det trengst
  • Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet – du deltek aktivt for å skape eit trygt, inkluderande og fagleg miljø
  • Løysingsorientert – du handterer utfordringar på ein roleg og konstruktiv måte, og søker praktiske løysingar i kvardagen
  • God relasjonsbyggar – du møter bebuarar og pårørande med respekt, tryggleik og god kommunikasjon

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer som støttar, lærer av kvarandre og har det kjekt på jobb
  • God opplæring og oppfølging
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Lønn etter lokal stige og kvalifikasjoner

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar, 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192 3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5164257901 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 15.09.2026 Sluttdato: 15.08.2027 Søknadsfrist: 15.09.2026

Søk på jobben
Søk senest 15.9.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Helsesekretær til oppdrag i Buskerud
Konstali Helsenor As · BUSKERUD

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Nordland
Konstali Helsenor As · NORDLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til heltids vikariat i Nordland.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Audiograf til oppdrag i Finnmark
Konstali Helsenor As · FINNMARK

Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Vestland
Konstali Helsenor As · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid for oppdrag i Vestland.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Troms
Konstali Helsenor As · TROMS

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid i Troms.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Agder
Konstali Helsenor As · AGDER

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til heltids vikariat i Agder.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial