Fast stilling som kontaktperson i Voss barnevernteneste
Voss Herad Barneverntenesta · Voss, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Voss barnevernteneste har ei ledig 100 % fast stilling som kontaktperson. Det er 1 stilling, med arbeidssted i Voss. Stillinga kan vere aktuell på begge teama i tenesta: undersøking/tiltak og omsorg/ettervern, men først og fremst undersøking og oppfølging av hjelpetiltak.
Arbeidsoppgåvene omfattar sakshandsaming etter lov om barnevern, tilsynsarbeid, nettverksarbeid mot familiar og ungdom og tverretatleg samarbeid med skule, barnehage og andre etatar. Kontaktpersonen møter som heradet sin partsrepresentant i Barneverns- og helsenemnda og i det øvrige rettsapparatet. Ein må rekne med reising ut av heradet og arbeid på ettermiddag og kveld.
Søkjaren må ha minimum treårig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog, vernepleiar eller sosionom, og kunne snakke og skrive flytande norsk. Erfaring frå kommunal barnevernteneste er ønskeleg. Det blir tilbode fagleg utvikling, rettleiing, tverrfagleg miljø, gode forsikrings- og pensjonsordningar og løn etter kommunalt avtaleverk. Godkjend politiattest må leggast fram før tiltreding.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiveren er Voss herad, og tenesta høyrer til barne- og familietenestene i etat for oppvekst. Verksemda er registrert som ei undereining under næringsdrivande og offentleg forvaltning, innan bransjen andre sosialtenester utan butilbod. Ho er ei mindre eining med 11 tilsette i Voss. Det er ikkje oppgitt omsetning eller resultat i dataene. Barneverntenesta er samlokalisert med andre helse- og sosialtenester i bygget Knutepunktet og samarbeider tett med andre instansar i heradet.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 25. november 2026. Referansar, vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Det blir sett opp ei offentleg søkjarliste etter fristen.
Annonsetekst
Me har ei ledig 100 % fast stilling som kontaktperson ved Voss barnevernteneste.
Om arbeidsstaden
Me som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å visa
- openheit - ved å vera ærlege og gje informasjon.
- kjærleik - ved å bry oss og vise menneskevarme.
- me har også som mål å vere audmjuk, ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte.
- me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemelding.
- me vil ivareta foreldre gjennom involvering, innverknad og samarbeid til det beste for familien.
Barneverntenesta er pr. i dag organisert i 2 team: 1. undersøking/tiltak og 2. omsorg og ettervern. Stillinga kan vere aktuell på begge team, men høvesvis på undersøking og oppfølging av hjelpetiltak
Barneverntenesta er samlokalisert med andre helse- og sosiale tenester i bygget Knutepunktet. Barneverntenesta er organisert under barne- og familietenestene i etat for oppvekst. Tenesta har eit tett og konstruktivt samarbeid med andre instansar og avdelingar i heradet.
Arbeidsoppgåver som kontaktperson
- stillinga inneber sakshandsaming etter lov om barnevern
- kontaktpersonar må møte som heradet sin partsrepresentant i Barneverns- og helsenemnda og det øvrige rettsapparatet.
- tilsynsarbeid, nettverksarbeid inn mot familiar og ungdom, bidra i ulike nettverk og i tverretatlig samarbeid på tvers av andre etatar, skule- og barnehage.
- kontaktpersonane må pårekna ein del reising ut av heradet for oppfølging av barn utanfor heimen
- ein må pårekne arbeid på ettermiddag og kveld
- andre oppgåver må og påreknast
- sidan barnevernet er under stadig utvikling må ein og vera budd på endring av oppgåver
Kvalifikasjonar
- minimum 3 årig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog, vernepleiar eller sosionom
- gjerne relevant vidareutdanning
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Søkjar må snakke og skrive flytande norsk
- god barnevernfagleg forståing
Me ynskjer søkjarar med
- du har lengre erfaring frå arbeid i kommunal barnevernteneste
- du har høg arbeidskapasitet og vilje til å vere fleksibel
- du har gode samarbeidsevner og evne til å vere sjølvstendig
- du er empatisk, engasjert og god på å bygge relasjonar
- du representere barneverntenesta på ein god måte
- du jobbar målretta, har struktur og gjennomføringsevne
- du tek ansvar for oppgåvene dine, eiga komptanseutvikling og deltek aktivt i å skapa eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø
- du handterar utfordrande situasjonar med ro og kompetanse
- du kan begeistra, dela kunnskap og motivera
- du er villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som tenesta endrar seg
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- deltaking i å utvikla framtidas barnevern
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- kjekke og kompetente kollegaer
- rettleiing både internt, fagleg og prosess
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Hugs å gje opp referansar
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
API og MCPGET /company/935954002/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/935954002/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "f9ecc31f-ae4f-4a6b-a50a-ec9b4611fd8f",
"title": "Fast stilling som kontaktperson i Voss barnevernteneste",
"municipal": "VOSS",
"application_due": "2026-11-25 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "935954002" })Spør AI-assistenten
Ansetter Voss Herad Barne- Og Familiehjelpa flere i Voss nå?
Hvilke andre stillinger lyser Voss Herad Barne- Og Familiehjelpa ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Fast stilling som kontaktperson i Voss barnevernteneste» hos Voss Herad Barne- Og Familiehjelpa?
Lignende stillinger
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.