Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Nattstilling i turnus 60% fast

Bjørnafjorden Kommune Tilrettelagte Tenester · Bjørnafjorden, Vestland

FastDeltidOffentligHelse og sosialFrist 31.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Bjørnafjorden kommune søker ein nattevakt i 60% fast stilling ved Hellemyra bufellesskap under Tilrettelagte tenester, med arbeidsstad i Eikelandsosen. Bufellesskapet gir tenester til 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov, i tillegg til oppfølging av heimebuande brukarar i nærområdet. Arbeidet inngår i turnus med vakt kvar tredje helg, og hovudoppgåvene er å ivareta helsehjelp og praktisk bistand om natta, bidra til tryggleik og stabilitet, samt handtere uventa hendingar. Autorisasjon som helsefagarbeidar er eit krav, og politiattest må leggjast fram.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Kuhnletunet Dagsenter, ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan dagaktivitetstilbod tilpassa målgrupper, med 14 tilsette i Bjørnafjorden kommune. Som ein del av det kommunale tenestetilbodet for personar med funksjonsnedsetjingar, inngår verksemda i eit større nettverk av bufellesskap i kommunen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 31.08.2026.

Om stillingen

Tilrettelagte tenester for tida v/Hellemyra bufellesskap har ledig 60% stilling på natt

Arbeidsstad Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Hellemyra er eitt av våre ni bufellesskap.Hellemyra bufellesskap ligg i Eikelandsosen på "Fusasida" i kommunen. Bufellesskapet har 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov og i tillegg har avdelinga ansvar for oppfølging av heimebuande brukarar i nærområdet. Tenestene er i tråd med gjeldande lovverk, vedtak og faglege retningsliner. Vi legg vekt på kvalitet, brukarmedverknad og respekt for den enkelte sin integritet og sjølvbestemming.

Arbeidsoppgåver Stillinga inneber arbeid med personar med funksjonsnedsetjing og gir ei viktig rolle i å sikre tryggleik, omsorg og fagleg forsvarlege tenester gjennom natta. Arbeidet inngår i turnus med arbeid tredje kvar helg. Vi søkjer deg som har kunnskap og erfaring, og som er trygg i møte med utagerande åtferd. Du har relevant kompetanse og praksis frå arbeid med menneske, og evnar å stå stødig i krevjande situasjonar. Du møter utfordrande og utagerande åtferd med ro, tydelegheit og profesjonalitet, og bidreg til å skape tryggleik og føreseielege rammer.

  • Ivareta tenestemottakarane sine behov for helsehjelp og praktisk bistand på natt
  • Medverke til tryggleik og stabilitet i bufellesskapet
  • Observasjon, vurdering og dokumentasjon i samsvar med gjeldande rutinar
  • Handtering av uventa hendingar og akutte situasjonar
  • Samarbeid med øvrige tilsette og relevante samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med personar med funksjonsnedsetjing
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Grunnleggjande digital kompetanse
  • Dine personalege eigenskap vert vektlagt

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og ansvarsmedviten
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Roleg og trygg i møte med utfordrande situasjonar
  • Gode samarbeidsevner

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar og ekstra tillegg i årsløn for stillingar på natt
  • Tilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000,- i særskilt rekrutteringsstillegg, etter fullført og dokumentert prøvttid.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 31.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND

Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.

EngasjementHeltidHelse og sosial