Salgspartner AS søker 3 heltidsselgere på fast kontrakt i Akershus for felt- og telefonsalg av Telia-produkter.
Rådgjevar plan
Plan, Bygland Kommune · Bygland, Agder
AI-sammendrag
Om stillingen
Bygland kommune søkjer ein fast rådgjevar i plan i 100 % stilling, med arbeidsstad i Bygland, Agder. Stillinga ligg under kommunalområdet Samfunn, som nyleg er omorganisert og legg vekt på teambasert arbeid på tvers av fagfelt. Arbeidsoppgåvene spenner frå oppfølging av reguleringsplanar, kommuneplan og temaplanar til handsaming av nokre byggje- og delingssaker, rettleiing av innbyggjarar og utbyggjarar, samt forvaltning og utvikling av kart og geodata (GIS). Det er òg aktuelt å bidra i tverrfaglege prosjekt innan samfunnsutvikling. Det kan kome endringar i stillinga dersom fleire kommunar vedtek å opprette eit felles plankontor.
Om arbeidsgiveren
Bygland kommune er ein offentleg forvaltningseining i Agder med 21 tilsette i stabseininga. Som ein liten distriktskommune er samfunnsplanlegging eit sentralt verkemiddel for utvikling, og kommunalområdet Samfunn med sine om lag 20 årsverk dekkjer eit breitt spekter av fagområde — frå plan og oppmåling til landbruk, næring og teknisk drift. Kort veg mellom plan og avgjerd er eit framheva trekk ved arbeidskvardagen.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 10. august 2026. Søkjarar vert bedne om å leggje ved dokumentasjon på utdanning, attestar og vitnemål.
Om stillingen
Vil du vere med og forme Bygland kommune?
Kommunalområdet Samfunn i Bygland kommune omfattar om lag 20 årsverk og har ansvar for plan, byggjesak, oppmåling, teknisk drift, landbruk, næring samt drift (vedlikehald og reinhald). Samfunnsavdelinga er nyleg omorganisert, og vi legg stor vekt på teambasert arbeid og samarbeid på tvers av fagområde. Du må trivast med utfordringar og ansvar, vere lærevillig og ha god arbeidskapasitet.
Fleire kommunar, deriblant Bygland kommune, vurderer å opprette eit felles plankontor. Dersom dette blir vedteke, kan det føre til endringar i stillinga.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk rådgjevar innan plan.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende og gode høve til å påverke. Du vil arbeide med heile planprosessen, frå kontakt med grunneigarar og samspel med politisk nivå, til gode interne prosessar i Samfunnsavdelinga og elles i kommunen. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å skrive føresegner, utarbeide plankart ved hjelp av kommunen si programvare, samt å forstå samanhengen mellom planlegging og anna relevant lovverk.
Vi ber alle søkjarar leggje ved dokumentasjon på utdanning, attestar og vitnemål i søknaden. Dokumentasjonen vert brukt til å stadfeste kvalifikasjonane som går fram av CV, og ved lønsfastsetjing.
Opplysningar om søkjarar kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om fritak frå offentlegheit. Dersom fritak ikkje kan innvilgast, vil søkjaren verte varsla (jf. offentleglova § 25).
Arbeidsoppgaver
- Planarbeid, mellom anna oppfølging av reguleringsplanar, kommuneplan og temaplanar.
- Nokre byggje- og delingssaker etter plan- og bygningslova.
- Rettleiing til innbyggjarar, utbyggjarar og samarbeidspartnarar.
- Forvalting og utvikling av kart og geodata (GIS).
- Bidrag i tverrfaglege oppgåver og prosjekt innan kommunalområde samfunnsutvikling.
Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå innen: arealplanlegging, by- og regionplanlegging, samfunnsplanlegging, fysisk planlegging. eller anna relevant høgare utdanning.
- God kjennskap til plan- og bygningslova.
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
Det er ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid med heile planprosessen.
- Det er ein fordel med røynsle i bruk av GIS-, kart- og arealverktøy.
- Kjennskap til areal- og klimarekneskap, samt relevante natur- og miljødatabasar.
- Kunnskap om offentleg forvaltning.
Personlige egenskaper
Er samfunnsengasjert og har interesse for samfunnsutvikling.
- Arbeider effektivt og tek ansvar for framdrift i eigne arbeidsoppgåver.
- Kommuniserer tydeleg og har gode formidlingsevner i dialog med innbyggjarar, politikarar, næringsliv og kollegaer.
- Er løysingsorientert, nysgjerrig og set deg raskt inn i nye problemstillingar.
- Har blikk for både detaljar og heilskap, og tenkjer både praktisk og strategisk.
Vi tilbyr
- Ei spennande og variert stilling der du får nytte heile breidda av planfaget.
- Eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar i KLP.
- Varierte, utfordrande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver med stor påverknadskraft.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling i ein kommune som har som mål å vere framoverlent og handlekraftig.
- Kort veg mellom plan og avgjerd, med reell moglegheit til å påverke.
- Eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid og fleksitidsordning, med moglegheit for noko heimekontor.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675
Arbeidssted
Sentrum 18 4745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland Kommune Referansenr.: 5154801712 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Lignende stillinger
Torhus Shipping AS i Møre og Romsdal søker vikar som skipsfører/kaptein på heltid, med mulighet for fast ansettelse.
Jobs By Nordics AB søker 5 norskspråklige kundeservicekonsulenter på heltid til fast stilling i Fuengirola, Spania.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundebehandlere på heltid til veihjelp-kundesenter i Torrevieja, Spania.
Jobs By Nordics søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsstilling i Hellas – ingen erfaring kreves.
Birkeland Takst & Prosjekt i Nordre Follo søker 2 selvstendige takstingeniører på heltid med oppdragsbasert frihet.