Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

ID 2495 Sjukepleiarar - Stord sjukeheim

Stord Kommune · Stord, Vestland

FastHeltid2 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 22.11.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Stord kommune søker 2 autoriserte sjukepleiarar i faste 100 % stillingar ved avdeling Knausen/Kringsjå og korttidsavdelinga ved Stord sjukeheim. Arbeidsstaden er Stord i Vestland.

Turnusen er anten todelt dag/kveld med arbeid kvar 3. helg, eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og arbeid kvar 4. helg.

Arbeidsoppgåvene omfattar samhandling og tverrfagleg samarbeid, tiltak, evaluering og dokumentering, legemiddelhandsaming samt palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase. Du samarbeider tett med lege og spesialisthelsetenesta, og skal kunne rettleie kollegaer. Kravet er norsk autorisasjon som sjukepleiar, og politiattest må leggjast fram. Erfaring frå geriatri er ein fordel. Institusjonane er i ein prosess med oppgåvedeling, og stillinga kan på sikt inngå i eit eige sjukepleiarteam.

Om arbeidsgiveren

Stord sjukeheim er ei undereining av kommunal forvaltning i bransjen sjukeheimstenester, med om lag 410 tilsette. Det gjer arbeidsplassen til ein stor verksemd lokalt, med eit breitt fagmiljø av sjukepleiarar og vernepleiarar under felles fagansvarleg sjukepleiar. Stord kommune er ein TØRN-kommune og arbeider med å finne løysingar for framtidas helsetenester. Det er ikkje oppgitt tal for omsetning eller resultat.

Kommunen tilbyr løns- og arbeidsvilkår etter kommunalt avtaleverk, offentleg tenestepensjon og høve til å leige leilegheiter i Røldal og andre ferietilbod.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 22. november 2026. Søkjarar som ynskjer å vere unnatekne frå offentleg søkjarliste, må grunngje dette, og opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om ein har bedt om reservasjon.

Annonsetekst

Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonane no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar vil få ei viktig rolle inn i dette arbeidet. Ein viktig del av dette arbeidet er å jobbe mot eige sjukepleiarteam i institusjonane våre. På sikt kan stillinga inngå i sjukepleiarteamet vårt.

Eining for institusjon har ledig faste 100% stillingar for autorisert sjukepleiar ved avd. Knausen/Kringsjå og korttidsavdelinga - Stord sjukeheim

Stillingane er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg.

Som Sjukepleiar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Du vil få ta del i og ha ansvar for:

  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid
  • Tiltak, evaluering og dokumentering
  • Fagprosedyrar, ansvarsoppgåver som sjukepleiar tett samarbeid med lege og spesialisthelsetenesta
  • Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
  • Legemiddelhandsaming
  • Delta i fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
  • Faste møter og fellesskap med resten av sjukepleiar- og vernepleiargruppa i eininga
  • Bidra fagleg inn i tilsettgruppa og kunna vegleia kollegaer og andre i faglege vurderingar og oppgåver

Me vil vektlegga:

  • Personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.
  • Brukarorientert tilnærming
  • Evne til å vera nyskapande i arbeidet
  • Gjerne erfaring frå arbeid innan geriatri

Kvalifikasjonskrav:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Politiattest:

Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø.
  • Ein stor faggruppe med sjukepleiarar og vernepleiarar som samarbeidar under felles fagansvarleg sjukepleiar i eininga
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
  • Offentleg tenestepensjon.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Søk på jobben
Søk senest 22.11.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Stord Kommune

API og MCPGET /company/975270432/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/975270432/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "f708e21d-eed4-4086-a27a-5613bbe62b63",
      "title": "ID 2495 Sjukepleiarar - Stord sjukeheim",
      "municipal": "STORD",
      "application_due": "2026-11-22 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "134bc7f4-7158-479a-8a2e-a0e4c98dc2ec",
      "title": "ID 2483 Sjukepleiar natt - Eining for institusjonar",
      "municipal": "STORD",
      "application_due": "2026-11-15 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "975270432" })

Spør AI-assistenten

  • Hva er søknadsfristen for «ID 2495 Sjukepleiarar - Stord sjukeheim» hos Stord Sjukeheim?
  • Ansetter Stord Sjukeheim flere i Stord nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Stord Sjukeheim i akkurat nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026
Sykepleier til sykehjem i Telemark
Konstali Helsenor AS · TELEMARK

Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Telemark, fra 30. november 2026 til 31. mai 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier til sykehjem i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 1 sykepleier til heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus.

VikariatHeltidHelse og sosial
Helsefagarbeider til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 4 helsefagarbeidere til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, 1. des 2026 til 1. mars 2027.

VikariatHeltid4 stillingerHelse og sosial
Stord Kommune
Frist 22.11.2026
Søk på stillingen →