Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Sjukepleiarstudent på 3. året?

Stord Sjukehus · Stord, Vestland

VikariatDeltidOffentligHelse og sosialFrist 31.12.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Eit vikariat i deltidsstilling for sjukepleiarstudent på 3. året. Jobben inneber å ta del i dagleg behandling og pleie, og å vere ein del av det tverrfaglege teamet. Ein kan velje fagområde mellom medisin, kirurgi og psykisk helsevern. Arbeidstida er helger og 5 veker i sommarferien, med forsøk på tilpassing til studiekvardagen. Arbeidsstad er Stord i Vestland. Tilsetjing skjer fortløpande.

Om arbeidsgivaren

Stord sjukehus er ei undereining av Helse Fonna HF og driv innanfor somatiske sjukehustenester. Eininga har 580 tilsette og er ein etablert del av spesialisthelsetenesta på Stord. Stillinga gir studentar høvet til å byggje klinisk erfaring og fagleg tilhøyrsle innan eit stort helsevesen medan dei framleis studerer, med eit stipend på 30 000 kr i tillegg til lønn.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 31. desember 2026.

Om stillingen

Då er dette ein smart måte å starte karrieren på. Hos oss får du 30 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme.

🏥 Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern.

💡 Vi tilset fortløpande – så ikkje vent med å søkje.

Kva går jobben ut på?

Hos oss får du mellom anna:

  • ta del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane
  • bli ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider om pasientane – kvar dag

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Du er 3. års sjukepleiarstudent.
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro
  • trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk
  • tek ansvar og er sjølvstendig
  • er nysgjerrig og liker å lære

Kvifor skal du velje oss?

Jo, for hos oss får du:

  • Lønn, stipend og praksis i ett.
  • Verdifull erfaring.
  • Tilhørighet i eit fagleg miljø.
  • Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gunvor Line Steinsland, HR rådgivar, gunvor.line.steinsland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64 5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5136044816 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 31.12.2026

Søk på jobben
Søk senest 31.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Stord Sjukehus

Lignende stillinger

Fastlegevikariater i Innlandet
Dignus Medical · INNLANDET

Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.

VikariatHeltidHelse og sosial